Nytt samarbeid skal løfte digitalt entreprenørskap i Sogn og Fjordane

2010/07/01 Nyheiter Ingen kommentarar hittil

Denne veka vart nettverket ”Digitalt entreprenørskap” skipa på eit møte i Måløy. Nettverket er ope for alle bedrifter i Sogn og Fjordane som leverer eller driv med utvikling av nye produkt og tenester basert på digital teknologi. Målet er å fremje samarbeid mellom medlemene, byggje nettverk og dele erfaringar.

Les heile artikkelen

Skiping av gruppa ‘Digitalt entreprenørskap’ i IT-Forum Sogn og Fjordane

2010/06/23 Arkiv kommentarfunksjon stengd

Ei gruppe IT- og webgründerar i Sogn og Fjordane har gått saman for å etablere arbeidsgruppa ”Digitalt entreprenørskap” i IT-Forum Sogn og Fjordane. Initiativtakarane ønskjer at gruppa først og fremst skal vere ein møteplass for erfaringsdeling og samarbeid mellom bedrifter som arbeider med digital innhalds- og tenesteproduksjon, og vil ha eit særleg fokus på gründerverksemd og entreprenørskap.

Les heile artikkelen

Førelesing om strategi for digitale medier

2010/06/14 Arkiv Ingen kommentarar hittil

Sundag 13. mai heldt Mediebruket førelesing for etablerarkurset Huldra om strategi for bruk av digitale medier. Notata til samlinga kan lastast ned her.

Les heile artikkelen

Kurs i kommunikasjon og sosiale medier for Arbeidstilsynet

2010/06/10 Arkiv Ingen kommentarar hittil

Mediekameratane heldt dagskurs for kring 65 tilsette i Arbeidstilsynet Vestlandet tysdag 8. juni 2010. Her stikkord frå førelesinga om sosiale medier, tilleggsmateriale og relevante lenker.

Les heile artikkelen

Kor langt kan ein gå som tilsett i bruk av sosiale medier?

2010/05/31 Nyheiter Ingen kommentarar hittil

Dette var eitt av spørsmåla Arild Nybø i Mediebruket og dei andre i ekspertpanelet diskuterte i seansen “Er jeg meg på nett?” på Nordiske Mediedager i Bergen i mai. Heile diskusjonen om sosiale medier er å sjå på nett-TV.

Les heile artikkelen

Webutviklar Terje Sørbø blir partner i Mediebruket AS

2010/04/13 Informasjon Ein kommentar

Vi tilbyr alt i dag å drive nettstader for kundar ved å produsere og publisere innhald i form av tekst og multimedia. Når Sørbø er på plass til hausten vil Mediebruket i tillegg kunne utvikle nettløysingar og nettsider frå grunnen av, og med det tilby å ta ansvar for heile nettstaden til kundane.

Les heile artikkelen

Omfattande kurs i sosiale medier for ABM-sektoren

2010/04/08 Nyheiter Ingen kommentarar hittil

Mediebruket har vore så heldig å få oppdraget med å lage til kurs i sosiale medier over ti veker for 23 deltakarar frå arkiv, bibliotek og museum i Sogn og Fjordane.

Les heile artikkelen