Mediebruket fekk det gledelege oppdraget med å opprette og drive ei sone for Førdefestivalen 2009 på Origo.no: fordefestival.origo.no for å gje publikum, artistar og andre besøkande høve til å dele minne og tankar frå festivalen. Sona vart oppretta i festivalveka, og dagen etter festivalen var det over 100 bilete og 25 innlegg på sona. Det er bra for å vere ein såpass ung nettstad.
Vi har også hatt oppdraget med å dekke Førdekonferansen 2009 for festivalen, og å opprette og drive Twitter-tenesta twitter.com/fordefestival under festivalen. Twitter-tenesta fekk raskt kring 100 medlemmer, og fleire av deltakarane på festivalen sende meldingar. Frå før har festivalen ei gruppe på Facebook, og saman med dei offisielle nettsidene til Førdefestivalen gjer dette at merksemda kring festivalen vert mangedobla.
Nettadressene til dei sosiale mediene vart trykt opp og delt ut på kort i visittkortstorleik under festivalen, og det vart i tillegg hengt opp plakatar med oppmoding om å bruke dei sosiale mediene. Neste år vil truleg bruken av slike medier vere endå meir innarbeidt enn i år, og dermed bidra til endå meir “buzz” kring festivalen.