Vil du vere med og lage verdas nest beste netteneste?

Mediebruket blir AS og kjem hausten 2009 til å rekruttere to nettmedarbeidarar til Førde i Sogn og Fjordane for å utvikle verdas nest beste netteneste. (Jo, vi skal sjølvsagt bli endå fleire medarbeidarar etter kvart).

Er du webutviklar/webdesigner eller journalist med god peiling på nettet, så er du kvalifisert til å søkje på ein av jobbane. Stillingsutlysinga kjem i løpet av august. Følg med…

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir, eller aller helst: Skriv nokre ord i kommentarfeltet nedanfor. For om du skal ha jobb i Mediebruket kan du ikkje vere redd for å vere synleg på nettet.

Kva tykkjer du om dette?Del på Origo.no

20 tilbakemeldingar på “Vil du vere med og lage verdas nest beste netteneste?”

  1. Herdis

    Eg er interessert, snart ledig på markedet og har budd i bygd (!) før. Kva går stillingane ut på? Kva skal vi bli nest best på?

    09/07/23 13:21
  2. Arild Nybø

    Hei Herdis. Så bra at du er interessert!

    Nettskribenten (misvisande tittel, forresten) skal bruke eigen kompetanse, intelligens og intuisjon til å gjere det som heilautomatiserte Google ikkje maktar - tilrettelegge informasjon ut frå journalistiske kriterier, men på ein heilt ny måte, i eit system som ikkje har vore brukt før. Vi skal ta tak i den lange halen for alvor når det gjeld nyheiter på nettet - The Long Tail, og gjere den lettast mogleg tilgjengeleg for folk.

    Webutviklaren skal sy saman eksisterande teknologi, og vere bestillar til underleverandørar og ansvarleg for vidare rekruttering av fleire tekniske superheltar til den nye tenesta.

    Eg kjem til å skrive meir om dette på desse sidene etter kvart, og har notert meg at du skal få tilsendt utlysingane :-D

    09/07/23 13:50
  3. Arild Nybø

    Og for å presisere: Nettskribenten (nettjournalisten/nettredaktøren) vil få følgje av mange fleire når tenesta blir lansert.

    09/07/23 14:18
  4. Herdis

    Oj. Dette hørtes nytt og spennande ut. Ja, send meg meir info når den tid kjem!

    09/07/24 12:52
  5. VamPus

    Dersom dette blir verdens nest beste netttjeneste, hvilken regner du da som verdens beste?

    Kunne vært interessant å bo utenfor Oslo ett år eller to. Komme i kontakt med folket og sånt.. men vet ikke hvordan Pusedyr ville reagere på natur. Han er en asfaltpus.

    09/07/24 14:07
  6. Arild Nybø

    Hei VamPus!

    Eg er såpass smålåten at eg lar Google få behalde tittelen “Verdas beste netteneste”. Men ambisjonane våre bør vere såpass at vi legg oss like oppunder Google i ambisjonsnivå. Så kan vi heller oppjustere måla våre seinare.

    Pusevenleg asfalt har vi på Vestlandet også, men sjansen for å bli nedkøyrt er litt mindre her enn sentralt i Oslo.

    Når det gjeld jobben, så er det nok fornuftig å tenkje 1-2 år i første omgang ja, dvs. sjølve oppbyggingsfasen, slik at flytting ikkje treng å vere permanent. Når tenesta er etablert kan det hende at det vil vere praktisk å ha kontor også andre stader, så lenge dei er knytt saman via eit godt fibernett.

    09/07/24 14:28
  7. Arild Nybø

    I andre sosiale medier er eg spurt om kva eg er på jakt etter når det gjeld nettskribent. Eg har ikkje formulert utlysinga endå, men til jobben som nettskribent (trur eg skal endre tittel til “redaktør”, sidan den er meir presis) treng eg ein nettnerd som også kan litt journalistikk. Etter mi meining er det lettare å lære ein knallgod internettekspert journalistikk enn å lære ein knallgod journalist å bli internettekspert. Tru meg, eg har prøvd begge deler. Vedkomande må vere god på å bruke eksisterande nettverktøy for å tileigne seg informasjon, t.d. det som Google har å by på, RSS-straumar, sosiale medier osv., og må intuitivt kunne forstå korleis ulike publiseringssystem skal brukast. I tillegg bør kandidaten har ein viss journalistisk kompetanse. Men nettkompetansen er viktigast. Dessutan er sjølvsagt kreative eigenskapar, evna til å arbeide sjølvstendig og målretta, sosial intelligens osv. veldig viktig.

    Vi skal også ha ein transparent arbeidsform. Det vil seie at det vi gjer av feilgrep og suksessar skal vi formidle til dei som måtte vere interesserte i det i resten av verda, gjerne på engelsk. Målet er å involvere våre framtidige brukarar og andre interesserte mest mogleg, lytte til innspel og om nødvendig tilpasse tenesta fortløpande. Som nemnt tidlegare: Dei som blir tilsette må ikkje vere redde for å bli synlege på nettet, og må takle både ris og ros frå omverda. Men vi må vere transparente på ein måte som ikkje gjer at vi ikkje øydelegg for oss sjølve, t.d. ved å ukritisk offentleggjere absolutt alle forretningsideane og strategiane våre.

    09/07/24 14:44
  8. Marius

    Hvorfor trenger verdens nest beste nettjeneste en journalist?

    09/07/24 15:03
  9. Arild Nybø

    Godt spørsmål Marius. Når eg omtalar Google som verdas beste, så er det fordi den sorterer verdas informasjon automatisk og har revolusjonert måten vi skaffar oss informasjon på. Men tenesta er ikkje perfekt. Søkemotorane gjer ikkje journalistiske vurderingar når søkeresultata blir presentert. I vår teneste vil journalistiske vurderingar styre automatikken, slik at tenesta blir 50/50 menneske/robot. I tillegg kan det vere aktuelt å bearbeide eksisterande informasjon (i The Long Tail) journalistisk, reint tekstmessig, for å gjere den betre tilgjengeleg.

    09/07/24 15:12
  10. Halvor Gregusson

    Spent på sluttresultatet. Hvilke programmeringskunnskaper ser du etter hos web-utvikler?

    09/07/24 16:50
  11. Arild Nybø

    Halvor, eg er ikkje heilt sikker på svaret på spørsmålet ditt endå. Den viktigaste funksjonen til utviklaren blir å vere bestillar av utviklingstenester hos underleverandørar. Det vil seie at vedkomande må ha god greie på fleire ulike programmeringsspråk, og må kunne vurdere kva som vil fungere best til våre tenester. Om vedkomande i tillegg har nok kunnskap til å utføre ein del av programmeringa sjølv, så er det sjølvsagt heilt topp. Erfaring med prosjektleiing vil også vere ein viktig eigenskap. Kva trur du om det?

    09/07/27 14:12
  12. carl christian

    Hei!

    Noterte meg at jeg skulle se nærmere på denne mens jeg var på ferie, og etter å ha lest mer er jeg absolutt sikker på at jeg er interessert i å høre mer, og at jeg kan tenke meg å søke. Selv om jeg hverken er journalist eller web-utvikler så mener jeg absolutt at min bakgrunn, kompetanse og erfaringer er høyst aktuelle og vil kunne komme til god nytte.

    09/07/29 12:22
  13. Arild Nybø

    Strålande, Carl Christian. Eg ser jo at du er ein aktiv bloggar og god på sosiale medier. Det er ingen ulempe. Eg skriv deg på lista over dei som skal få tilsendt utlysingane (dei blir sjølvsagt også kunngjort på desse nettsidene). I går tok eg forresten til å løfte på sløret når det gjeld hovedproduktet. Prosjektet har fått eigen blogg med arbeidstittelen as.long.as.

    09/07/29 14:22
  14. tanketom

    Eg er ein student på veg opp utdanninga mi, som har eit godt skrivehjarte, sterk interesse både for webdesign, interaksjonsdesign, og til dels webutvikling. Eg er interessert både i nye og gamle medier, og er håplaust forelska i mogelegheitene som internett gir. Ved sidan av studia leikar eg meg i diverse norske nettprosjekt. I tillegg tykkjer eg Førde er ein fin by ;)

    Eg tek gjerne imot ei utlysing dersom det høyrest interessant ut :)

    09/07/31 01:55
  15. Arild Nybø

    Så flott då! Send meg gjerne CV alt no til arild@mediebruket.no.

    09/07/31 02:18
  16. tanketom

    Skal sjå over det eg har og sende i morgon :)

    09/07/31 02:46
  17. Nick Peters

    Hi Arild,

    I just moved from Chicago to Oslo and came across your blog from Jeff Jarvis. Sounds like you are tackling a similar project to what I did in Chicago. I’d be happy to help out where I can. I’ll jump into the conversation with you on Twitter.

    09/08/03 15:40
  18. Arild Nybø

    Great, thanks!

    My project blog which mr. Jarvis refers to is at http://as.long.as. On twitter you can follow my english tweets on the project at http://twitter.com/as_long_as. Looking forward to hearing from you as the project evolves.

    09/08/03 15:48
  19. Hjorthen

    Hvorfor har jeg ikke sett dette før? Kan jeg få være med og leke?

    09/08/28 17:16
  20. Arild Nybø

    Klart du kan, Hjorthen. Det ville ha vore ei ære. Eg ser du følgjer meg på Twitter, og eg skal passe på og varsle deg når det tek til å skje noko spennande. Nett no går det mest i føredrag om sosiale medier og diverse konsulentoppdrag medan eg ventar på ferdigbehandling hos Innovasjon Norge for å sjå kor mykje dei kan bidra med. Det vil avgjere om eg kan gå for hovedideen eller om eg må til med eit mindre prosjekt. Men no har dei hatt søknaden i eit par månader, så eg reknar snart med å høyre noko.

    09/08/29 00:02