Mediebruket går inn i kameratskap

mediekameratane

Mediekameratane

Mediebruket har inngått samarbeid med to andre dyktige medie- og informasjonskonsulentar i Sogn og Sunnfjord: Anne-Mette Hjelle og Anne Margrete Alværn. Saman tilbyr vi rådgjeving og andre tenester innan kommunikasjon, omdømmebygging m.m.. Alle har lang og variert erfaring frå media, informasjonsformidling og internett. Samarbeidet har vi kalla Mediekameratane.

Vi driv kvar våre konsulentselskap, med kvar våre spesialitetar innan kommunikasjon/dialog, informasjonsrådgjeving, og informasjonsformidling. Men ofte ønskjer kundane å kunne få eit breidt spekter av tenester frå same leverandør. I staden for å konkurrere mot kvarandre, vil vi derfor heller samarbeide for å kunne tilby det breiaste og tyngste fagmiljøet innan kommunikasjonsrådgjeving i Sogn og Fjordane.

Vi tek oppdrag over heile landet, i felleskap eller kvar for oss, alt etter kva som passar kunden.

Les meir på mediekameratane.no

Kva tykkjer du om dette?Del på Origo.no

Stengt for kommentarar.