Varierte førelesingar denne hausten

Frå midten av september til midten av oktober har Mediebruket i Førde vore heldig og fått mange spennande førelesingsoppdrag, om alt frå bruk av sosiale medier i konsernsamanheng, marknadsførimg og PR-/profilering via sosiale medier, til å fortelje om eigen forretningside.

På IT-forum Sogn og Fjordane sin Teknologikonferanse på Skei var temaet “Strategisk bruk av sosiale medier, med døme frå Sogn og Fjordane”. Då representantar for Sogn og Fjordane Bondelag og Landbrukssamvirket hadde møte i Sogndal var temaet korleis aktørane i landbruket kan bruke sosiale medier til sin fordel.

På Folkelarm i Oslo var festivalleiarar samla, og då fortalde eg om korleis festivalane kan drive marknadsføring og PR-arbeid året rundt gjennom sosiale medier. Sogn og Fjordane Energi bestilte føredrag til konsernleiinga om  moment dei bør ha med i arbeidet sitt for å lage ein ny kommunikasjonsstrategi, og Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk føredrag om sosiale medier og sette sjølv i gang umiddelbart med å prøve ut verktøya.

Siste førelesingsoppdrag hittil var i Førde, for Rotary. Temaet var uvant men svært kjekt: Her fekk eg høve til snakke i tre kvarter om Mediebruket og forretningsideen min, til ei godt vaksen og engasjert forsamling, frå eit breidt lag av samfunnslivet.

Alt i alt har det vore ein månad med eit stort spenn i innhald på førelesingane, som også har gjort at eg har måtta oppdatere meg fagleg på alle emne eg har snakka om. Utviklinga går fort på nettet, og mykje av den kunnskapen eg hadde tileigna meg før sommaren i år, måtte reviderast i haust. Men du så artig det er !

Sjå også tilbakemeldingar og referansar.

Kva tykkjer du om dette?Del på Origo.no

Stengt for kommentarar.