Nyleg kom Twitter med ein ny funksjon for å lage lister som kan delast med andre. Eg sette i gang, og har laga ei liste med meir enn 300 tvittrarar i eller frå Sogn og Fjordane, dvs. folk med tilknyting til Sogn og Fjordane, som har ein profil på “mikroblogg”-tenesta Twitter.com.
Det finst mange fleire tvittrarar i og frå Sogn og Fjordane enn dette, men eg er rimeleg sikker på at eg har fått med meg dei fleste av dei som er mest aktive. Eg kan ikkje garantere at lista er feilfri, så om du står der og meiner du ikkje høyrer til der, kan du varsle meg på @arnybo på Twitter. Og er du på Twitter, men ikkje på lista, er det også fint om du varslar meg. Eg brukar nemleg m.a. denne lista når eg held kurs i sosiale medier i Sogn og Fjordane, og vil vise kursdeltakarane korleis dei raskt kan finne nokon å følgje.
Andre måtar å finne kjentfolk på
Andre lister er å finne på tvitre.no, der det førebels er lister for Sogndal og Førde, i tillegg til bransjelister og andre lister sortert på geografi.
Ein annan måte å finne kjentfolk på er å søke i twitter-meldingar på search.twitter.com, for å sjå kven som tvittrar om det du interesserer deg for. På SocialOomph kan du lagre mange ulike søkeord og få dagleg epostvarsel. Og på Twitter.com kan du søkje etter brukarnamn, føre- eller etternamn, eller firmanamna og merkenamn. Eller du kan få Twitter til å granske Gmail- eller Yahoo-kontoen din for å sjå om nokon av kontaktane dine er på Twitter.
For å finne folk kan du også prøve Tweepz.com og TweepSearch.com.
Når du først har funne nokon å følgje, så klikkar du på deira “Following” og “Followers” og ser kven dei følgjer og kven som følgjer dei. Så klikkar du “Follow” på dei du vil følgje, og dermed er du i gang med å byggje deg eit nettverk. Ver merksam på at å drive direkte marknadsføring / reklame på sosiale medier ikkje er særleg populært, det må gjerast litt meir elegant i så fall.
(Illustrasjon: Scott Hampson)