Nytt samarbeid skal løfte digitalt entreprenørskap i Sogn og Fjordane

Publisert 1. juli 2010

Skipingsmøtet hos Localhost og VideoNor i Måløy tysdag. Foto: Jørn Mikalsen, VideoNor.

I slutten av juli 2010 vart nettverket ”Digitalt entreprenørskap” skipa på eit møte i Måløy. Nettverket er ope for alle bedrifter i Sogn og Fjordane som leverer eller driv med utvikling av nye produkt og tenester basert på digital teknologi. Målet er å fremje samarbeid mellom medlemene, byggje nettverk og dele erfaringar.

Så langt har tolv bedrifter meldt si interesse for å vere med, og i første omgang er det laga eit arbeidsutval med fem medlemer, som skal planleggje aktivitetar og førebu prosjekt. Ein del av møta skal gå på omgang blant medlemene for å bli betre kjende med kvarandre. Nettverket er organisert som ei arbeidsgruppe i IT-Forum Sogn og Fjordane.

– Det første vi tek fatt på i samband med at bedriftene melder seg inn, er å lage ein oversikt over kva tenester, produkt og kompetanse som finst innan digital teknologi i Sogn og Fjordane. Her trur eg mange vil få ei positiv overrasking når dei ser kor  bra det eigentleg står til , seier Arild Nybø, som er leiar i det nye nettverket.

– Mange bedrifter er små, og har ikkje høve til å ha t.d. eigen stand på messer. Når vi slår oss saman kan vi marknadsføre alle under same paraply overfor kundar, investorar og personar som vi ønskjer å rekruttere. Og dei større bedriftene vil kunne sjå at dei i mange tilfelle kan få kjøpt dei tenestene dei treng innanfor eige fylke. Men vi sjølvsagt skal halde fram med å konkurrere.

Neste møte vert i samband med IT-Forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge sin store teknologikonferanse på Skei i oktober: Kunnskap kryssar grenser.

Desse er valt inn i arbeidsutvalet:
•    Arild Nybø (leiar), Mediebruket, Førde
•    Njål Wilberg, Avoco, Gulen
•    Jørn Mikalsen, VideoNor, Vågsøy
•    Halvor Gregusson, Yast, Sogndal
•    I tillegg er sekretariatet i IT-Forum Sogn og Fjordane med i arbeidsutvalet.


For meir info/innmelding, kontakt:

Arild Nybø (leiar), Mediebruket. Tlf. 977 33 028. Epost: arild@mediebruket.no.