Universell utforming fekk topp prioritet hos Lotteri- og stiftelsestilsynet
Publisert 5. september 2011
Lotteri- og stiftelsestilsynet hadde to soleklare hovudkrav til dei nye nettstadene sine: Universell utforming og oppgåvefokus. I tillegg ville dei gjerne bruke eit publiseringssystem med open kjeldekode.
I Mediebruket var vi svært glade for å få oppdraget med å programmere dei nye nettstadane i publiseringssystemet WordPress, som vi har bygd oss opp solid kompetanse på siste åra. Vi tykkjer også det er flott gjort av eit statleg organ å satse på programvare med open kjeldekode, og i Mediebruket var vi ikkje eit sekund i tvil om at WordPress er modent også for slike større oppgåver.
Dette seier andre om oppdraget vi har løyst for Lotteri- og stiftelsestilsynet:
- Computerworld 8. sept. 2011: Trakk anbudsrunden – satser på WordPress
- Fagbladet Kommunikasjon 18. okt. 2011: CMS for liten og CMS for stor
Kommunikasjonsdirektør Anne-Mette Hjelle i Lotteri- og stiftelsestilsynet seier ei av årsakene til at dei valde WordPress, var at det finst over 16.000 plugins eller innstikk, det vel seie små tilleggsprogram som gjer at du kan gje nettstaden akkurat den funksjonaliteten du ønskjer. Plugins er oftast svært rimelege eller gratis, og dagleg vert det utvikla nye i tråd med den siste utviklinga innan digital kommunikasjon. Dessutan tel det positivt at ein slik nettstad kan oppdaterast og administrerast frå alle typar datamaskiner, anten det er Mac, PC, iPad eller endåtil dei fleste nyare mobiltelefonar.
- Les meir på tilsynet sine sider: Om nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frå Mediebruket sin blogg 7. sept. 2011: Stadig fleire brukar WordPress
Universell utforming
Vi har i tett samarbeid med kunden lagt stor innsats i å gjere dei nye nettsidene til tilsynet mest mogleg brukarvenlege – både for dei besøkande for dei som skal administrere nettstaden.
For ei statleg verksemd er det eit krav om fleire målformer. Lotteri- og stilftelsestilsynet har i tillegg til bokmål og nynorsk valt å legge inn ein del sider på samisk, og informasjon på engelsk. Språkversjonane kan enkelt administrerast i WordPress.
Men sidene skal også vere tilpassa svaksynte og blinde. Derfor er det lagt inn hjelpefunksjonar for å kunne forstørre skrift, slå på høgare kontrast, eller å få teksten opplest på si eiga målform. Alt dette utan at den besøkande treng å installere noko programvare – det heile blir levert i nettlesaren.
![]()
Tre nettstader frå eitt kontrollpanel
Med WordPress får Lotteri- og stiftelsestilsynet full kontroll over både den felles framsida, dei tre nettstadane for Lotteritilsynet, Stiftelsestilsynet og Momskompensasjon, og i tillegg alle språkversjonane for sidene:

Eit liknande oppdrag utførte Mediebruket før sommaren med multi-site installasjon i WordPress for Marinacc.com, men Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettstader er meir komplekse.
Blir aldri ferdige
Ein nettstad for ei verksemd i full aktivitet blir aldri ferdig. Nettstaden må fortløpande oppdaterast i tråd med utviklinga og aktivitetane både utanfor og innanfor veggen i tilsynet. I tillegg til oppdatering av informasjon, nyheiter osv. vil alltid finnast sider og funksjonar som kan bli betre. Lotteri- og stiftelsestilsynet er fullt på det reine med at dette er ein kontinuerleg jobb.
Når førsteversjonen av ein ny nettstad er utvikla og lansert er ein berre så vidt komen i gang. Det er då den verkelege jobben byrjar.
Desse har laga dei nye nettstadane på lottstift.no saman med kommunikasjonsavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet:
Webutvikling: Mediebruket
Grafisk profil: Inform Media
Forprosjekt informasjonsarkitektur og webdesign: Cox og Avenir
Fotograf: Vegard Fimland
Meir om Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nye nettsider:
- Computerworld 8. sept. 2011: Trakk anbudsrunden – satser på WordPress
- Fagbladet Kommunikasjon 18. okt. 2011: CMS for liten og CMS for stor
- Les meir på tilsynet sine sider: Om nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frå Mediebruket sin blogg 7. sept. 2011: Stadig fleire brukar WordPress