Arild Nybø
Dagleg leiar / innhaldsutviklar, internett
Tlf. 977 33 028
arild@mediebruket.no
Blogg
Skype: arnybo
Video: arild.nybo@videonor.no
Andre sosiale medier: Facebook – Origo.no – Flickr – LinkedIn – MSN Messenger – Twitter - Google+
Arild si rolle i Mediebruket
Arild Nybø har over 20 års erfaring i mediebransjen, og har vore oppteken av internett heilt frå han lagde sine første nettsider i 1994. Han har vore med og bygd opp og drive fleire store regionale nettstader.
I Mediebruket er Arild dagleg leiar, men han er også ein del på farten landet rundt og held kurs og førelesingar i korleis bruke sosiale medium strategisk, og korleis lage nettsider som blir funne og fungerer best mogleg i forhold til målgruppa. Mykje av dette kan du også lese om i bloggen.
Arild produserer også innhald i form av tekst, bilete og video for kundar som vi driv nettstaden for, og tek i tillegg oppdrag innan meir generell kommunikasjonsrådgjeving.
Fagleg bakgrunn
Arild kom inn i mediebransjen etter gymnaset og militæret i 1987, då han var med og starta nærradio på Voss. Han var seinare journalist i lokal- og regionaviser, reporter i radiokanalen P4, programredaktør i TV-Romsdal og medielærar. I nesten ti år jobba han i NRK Sogn og Fjordane, først som reporter og TV-fotograf, seinare som nettansvarleg. Han var deretter informasjonssjef i Helse Førde, før han takka ja til jobben som kanalredaktør i Firda.
Arild starta Mediebruket som enkeltpersonføretak i 2003, og dreiv det på deltid ved sida av jobben ein periode. I 2009 valde han å satse på å levere internettenester på fulltid og oppretta aksjeselskap saman med partnarar.
Han er styremedlem i Styreakademiet Sogn og Fjordane, og er leiar for arbeidsgruppa Digital entreprenørskap i IT-Forum Sogn og Fjordane, der han også sit i styret.
Og elles…
Nybø’en er fødd i 1967 og oppvaksen på Voss. Sjølv om han ikkje har gløymt kvar han kjem frå, så har han blitt ihuga sunnfjord-patriot etter å ha budd i Førde sidan 1996. Han overlet gladeleg hard fysisk fostring og fotballspeling til kollegaene, slik at han sjølv heller kan rusle dei få metrane frå jobben og ned på småbåthamna for å nyte ei roleg fiskestund på Førdefjorden i familiens 17-fots skjærgårdsjeep. Av landlege aktivitetar er Vossa Jazz og Balejazz sjølvskrive.
Arild har også stort sett med seg kamera, og ein del av bileta hans er å sjå på flickr.com/arnybo. Du finn han elles i sosiale medium under nick’et arnybo (t.d. twitter.com/arnybo, facebook.com/arnybo, Skype osv.).