Jan-Erik Kvåle
Prosjektleiar / innhaldsutviklar, internett
Tlf. 950 60 995
janerik@mediebruket.no
Jan-Erik si rolle i Mediebruket
Jan-Erik gjekk inn som partner og tilsett i Mediebruket hausten 2010. Han kom då frå stilling som prosjektleiar i Gasta design & kommunikasjon AS i Sogndal. Der har han hatt ansvar for gjennomføring av webprosjekt for små og mellomstore kundar over heile landet. I tillegg har han hatt fagleg og operativt ansvar for faste avtalar om innhaldsforvaltning, herunder også synlegheit i søkemotorar og sosiale medier.
Jan-Erik styrer kontoret i Sogndal, men er også ofte å treffe på hovudkontoret i Førde.
I Mediebruket får Jan-Erik spelt på eit breidt kompetanseregister, der han både er kreativ prosjektleiar og dyktig innhaldsutviklar/-produsent. Han hjelper deg gjerne om du treng å byggje eller vidareutvikle ein nettstad, bruke sosiale medium, og bli synleg til dømes gjennom søkemotorane. Jan-Erik er dessutan Mediebruket sitt andlet i Indre Sogn.
Fagleg bakgrunn
Kvåle har elles sin bakgrunn m.a. frå 10 år som lærar i grunnskulen, som frilansjournalist i eige føretak, og som tekstforfattar. Han har også vore aktiv bloggar, spaltist i lokalavis og samfunnsinteressert deltakar i ulike digitale medier.
Sin debut i sosiale medier hadde han som tenåring i det kongelege norske Televerket si ”Open linje”. Seinare, kring 1995, var han tilstades i kanalane #førde og #sognogfjordane på IRC. Til likes med Nybø’en har han sjølvsagt vore eigar av ei Commodore 64 og ein Leatherman.
Og elles…
Jan-Erik er fødd i Høyanger i 1973, og er den einaste i Mediebruket som har vakse opp i Førde. Med kone og tre barn i Sogndal er det likevel i Sogn han har valt å bli buande. Men Jan-Erik flyttar kontorstad frå Sogndal til Førde nokre dagar i veka.
Følg gjerne @kvaale på Twitter. Hans alter ego, @sognataggen, er mest oppteken av kvardagslege hendingar i familien og samfunnslivet elles – som oftast med trivselsfylket Sogn og Fjordane og regionsenteret Sogndal som utgangspunkt. Sognataggen legg seg sjeldan bort i @kvaale sitt liv og levnad på internettet. Både @kvaale og @sognataggen ”Twitrar som person” – ingen av dei vil nokon sinne prøve å fråskrive seg det dei skriv og meiner der ute.