Skrive 30.10, med oppdatering nederst og i kommentarfelta.
Førre gong eg testa NAV sitt jobbsøk på nettet, dåverande Aetat, var i 2005. Frå nettsidene som eg dreiv for arbeidsgjevaren min lenka eg til relevante stillingsutlysingar hos Aetat. Det var i det høvet eg skreiv inn ein feil URL og fekk opplista alle som hadde registrert seg som jobbsøkjarar i databasen hos Aetat. Eg kunne sjå kva kvar enkelt hadde kryssa av for at dei var interesserte i. Lettare sjokkert sende eg melding til webmaster hos Aetat, og påfølgjande kvardag eg fekk høfleg svar med takk for opplysninga, og at dei skulle sjå nærare på saka.
Men sjølv om dette var ein grov sikkerheitsfeil, så er det eigentleg ikkje det eg ville rippe opp i. For det som overraska meg endå meir var at søkefunksjonen i jobbdatabasen var stengt om kvelden og natta, akkurat i den tida mange sit ved PC’en og surfar, blant anna på ledige stillingar.
Spol fram 5 år til 2010. Fem år er svært lang tid i internettsamanheng. På vegne av ein kunde skulle eg denne veka teste CV- og jobbvarslingstenesta til NAV.
Eg logga meg inn med personnummer og fekk tilsendt kode på mobiltelefonen. Alt vel så langt. Deretter sette eg i gang med å fylle ut CV, for å kunne få varsel om ledige stillingar som passar til kompetansen min. Men eg såg fort at det vart svært mange tastetrykk for kvart minste punkt på CV’en min, og eg avbraut registreringa. Eg hadde ikkje tid. Deretter ville eg slette det eg hadde fylt inn.
Då oppdaga eg teksten:
ARILD NYBØ – Du er registrert som arbeidssøker.
Og like nedanfor:
Frist for å sende meldekort er 6. november. Trykk her for å sende meldekort.
Hallo! Eg er ikkje arbeidssøkjar («not that there’s anything wrong with that»), og eg leita for å prøve å finne ut korleis eg kunne «avmelde» meg som arbeidssøkjar eller slette CV’en som no stort sett berre viser at eg har gått barneskule og ungdomsskule. Eg reknar meg som rimeleg oppegåande på data og internett, men dette fann eg ikkje ut av. Uansett kva eg prøvde sto eg oppført som arbeidssøkjar. Eg fylte ut tilbakemeldingsskjema og sende følgjande melding:
Eg er ufrivillig oppført som arbeidssøkjar. Eg ville berre legge inn CV for å få eit søk som passa til mine ønskjer, men eg er IKKJE arbeidssøkjar. Dette går ikkje an å slette. Dette er for dårleg!
Dagen etter fekk eg svar:
Når du fullfører registreringen din på nett går det en oppgave til ditt lokale NAV kontor. Ser at de har mottatt oppgaven og gitt deg formidlingsgruppe: Arbeidssøker i dag.
Men eg har ikkje fullført registrering på nett, eg avbraut. Like fullt har det gått melding til det lokale NAV-kontoret.
Og dagen etter kom det brev i posten:
Melding om vedtak. (…) Vi har vurdert det slik at du har behov for det vi kallar standard innsats frå NAV.
- Hallo igjen!
Eg har fast jobb, eg er ikkje arbeidssøkjar og eg er ikke på jakt etter ny jobb («not that there’s anything wrong with that»). Kvifor må NAV tvinge meg inn som brukar? Har dei verkeleg så lite å gjere på? Dette minner om framgangsmåten til byråkratiet i land som vi ikkje likar å samanlikne oss med.
Til slutt i brevet sto det at eg kan gå inn på www.nav.no for å sende meldekort, oppdatere jobbsøkeprofil osv.
- OK, tenkte eg. Då skal eg prøve å slette meg ein gong til. Eg logga inn, og kva melding trur du eg fekk først (hugs at no er vi i 2010)?
Jo:
Tjenesten du forsøker å benytte er dessverre ikke tilgjengelig mellom kl. 23.00 og 07.00.
Dette går ikkje an, tenkte eg… Men eg roa meg, og tok ein lang pause, og prøvde att då serverane hadde hatt ei god natts søvn. Men då fekk eg denne meldinga:
Tjenesten er midlertidig stengt på grunn av teknisk vedlikehold. Vennligst prøv igjen senere.
Senere? Men då har jo NAV-datamaskinene lagt seg att! Arrrrgggggh!
NAV Førde… Måndag morgon…. Eg veit at det ikkje er lokalkontoret sin feil, men nokon i NAV må kunne hjelpe meg ut av dette. Eg anar ikkje kor tid kontoret er ope, men det opnar truleg etter eg har starta på jobb, og stengjer før eg er ferdig på jobb. Og kvifor er det eit problem, jo fordi eg HAR jobb!!! Got it, NAV…? Heeeere’s Johnny!
Oppdatering måndag føremiddag 1. november 2010:
Denne tragikomedien tek ikkje slutt. I dag ringte eg NAV lokalt, og ba om å få snakke med vedkomande som hadde sendt meg brevet. Vedkomande var til lunsj, men sentralbordet skulle prøve å hjelpe meg. Eg sa at eg gjerne vil bli sletta, og gav nødvendig info og fullmakt. Etter ei stund vart eg oppringt att.
Det viser seg at verken eg sjølv eller NAV er autorisert til å kunne slette meg.
Her er framgangsmåten eg fekk opplyst at eg må bruke:
- Eg må vente til 6. november, sende inn meldekort og krysse av for at eg ikkje er på jakt etter jobb eller noko slikt.
- Deretter skal eg vente nokre veker der eg er registrert som inaktiv arbeidssøkjar.
- Så skal eg få eit brev i Posten, og når eg får dette brevet skal eg kunne logge meg inn att på NAV og slette meg som arbeidssøkjar (i opningstida for nettsidene, føresett at tenestene virkar…)
Framhald følgjer i kommentarfeltet lenger nede…
P.S.:
(Skrive av Arild Nybø. Foto: Rev. Xanatos Satanicos Bombasticos (ClintJCL), Flickr.com CC 2.0, manipulert av Arild Nybø.)
20 kommentarer
Fantastisk tragikomisk historie!
Selv om du etterhvert får fjernet deg selv fra aktiv arbeidssøker, så vil du nok alltid ligge inne i NAVs systemer som arbeidssøker i den perioden.
NAV står ikke høyt i kurs hos meg. Da jeg var jobbsøker i 2005, irriterte det meg grønn at nettsida svar stengt fra 23.00 til 07.00. Synd det fremdeles er slik.
Din historie viser at NAV er et tunggrodd system, som nok alltid vil være slik. Dessverre.
Jeg skulle teste politiets nødtjeneste på oppdrag fra en kunde, så jeg ringte 112 og sa at noen holdt på å bryte seg inn i huset mitt. Men så skulle de ha så mye opplysninger om hvor jeg bodde og sånn, og det hadde jeg ikke tid til, så jeg la bare på røret. Og tror du ikke de kom på døra mi! Og spurte om det var noen problemer! Har de virkelig så lite å gjøre på? Jeg sa at det bare var tull, og at jeg ville at nødropet skulle slettes, men det sa de at det ikke kunne! Jeg blir gal!
Nå kan du tenke «stakkars de folkene som faktisk er avhengige av dette systemet for å kunne ha inntekt». Jeg tror ikke det sikkerhetshullet er tettet, forresten. Jeg fikk opp masse dokumenter om meg selv ved å taste inn en lenke jeg fikk på ett brev, kombinert med litt internettkunnskap. Uten å logge inn. Uten noe som helst slags spørsmål om hvem jeg var eller hva jeg skulle med disse dokumentene som er unntatt offentlighet.
Jeg forsøkte å si fra om dette og fikk kjeft fordi jeg hadde «snoket». Takk for hjelpa, liksom.
Takk for kommentarar!
I dag, 8. november, vurderte eg lenge kva eg skulle gjere. Eg fekk jo råd om at einaste måten å kome ut av systemet på er å sende inn meldekort, og krysse av at eg har vore i full jobb og ikkje vil vere registrert som arbeidssøkar i perioden.
Eg valde å ikkje trasse systemet, sidan NAV har svart at det einaste som kan gjerast i mitt absurde tilfelle er å følgje «Systemet», og at korkje NAV eller eg sjølv kan overstyre det… Eg fylte derfor ut at eg hadde jobba 8 timar dagleg. Dermed skulle eg i følgje NAV sin saksbehandlar blir registrert som «inaktiv arbeidssøkjar».
Men kva skjer? Jo, på kvitteringssida står det svart på kvitt:
Det er meint som ei åtvaring, men det var jo akkurat dette eg ville oppnå! Så var eg likevel så dum at eg lytta til saksbehandlaren…
Neste gong skal eg la vere å sende inn meldekort. Blir spennande å sjå kva som skjer då. Denne farsen er ikkje over endå dessverre…
Hva med å sende denne blogglinken til vår arbeidsminister
Eller enda bedre til Siv Jensen …..
Her har du fullført en prosess, trykket deg inn der du skal trykke deg inn for å registrere deg som arbeidssøker, du har flere ganger trykket fortsett registrering helt til den er fullført.
Når du så har registrert deg som arbeidssøker, så klager du over at bekreftelsesbrev automatisk genereres. Skal folk sitte å sende disse brevene manuelt? an forutsetter at når noen gjennomfører og fullfører en slik registrering, så er det fordi man er arbeidssøker.
Så opprettes automatiske meldekort når folk fullfører en registrering slik du har gjort. De som faktisk registrerer seg fordi at de er arbeidssøkere synes det er helt ok. Det er effektivt og lettvint for alle parter.
Du har gjennomført en registrering, utløst meldekort og automatisk bekreftelsesbrev, uten at du oppfattet hva du foretok deg. For så å klage over NAV?
Hvorfor siden er stengt på natta vites ikke, enig i at det burde vært gjort noe med. Tekniske begrensninger kanskje? At siden forsåvidt var nede en stund er dessverre noe som kan skje med en Internett side og it-konsulentene valgte å ha siden nede påfølgende helg for utbedringer.
Så er det enkelt for deg å la være å sende meldekortene din registrering har utløst, så skjer ingen ting. Men du velger å ringe og påføre en rekke NAV medarbeidere ekstraarbeid fordi du har tøyset på Internett uten å forstå hva du egentlig har gjort.
Du er langt fra alene. De som leser dette og reflekterer, forstår kanskje hva NAV folk må bruke tia på. Hadde man enda fått drevet med saksbehandling og veiledning til de som behøver det.
Bra (eller kanskje heller skremmande) at du seier at eg langt frå er aleine, Arnt Vegar.
Eg forstår jo at det må ha skjedd ein feil plass, og eg skal ikkje påstå at ikkje eg har misforstått eitt av tastevala. Problemet er at eg ikkje fann ut korleis eg kunne angre undervegs i prosessen.
Eg ville som sagt setje opp eit automatisk stillingssøk, og i løpet av prosessen måtte eg velje om eg er «Arbeidssøkjar» eller «Arbeidsgjevar». Så valde eg logge inn med MinID. Det er ein eller annan plass i den koplinga at noko har gått gale, trur eg.
Men det absurde er at det går ikkje an å rette opp feilen. Eg kan ikkje «avregistrere» meg.
Eg sende melding via nettsidene, men fekk beskjed om å ta kontakt med det lokale NAV-kontoret. Og der var dei både hyggjelege og imøtekommande. Men dei svarte at verken NAV eller eg sjølv kan bryte denne prosessen. Det er ‘systemet’ som bestemmer kor tid eg kan bli avregistrert. (Heiter datamaskina forresten ‘HAL’?)
Viss eg som MinID-brukar kunne ha fått lov til sjølv å ‘angre’, eller å ‘avmelde’ meg, så hadde eg ikkje påført NAV noko arbeid.
Og med så påkosta nettsider som nav.no må vere, så må det vere lov å kritisere brukarvenlegheita. Så vidt eg har oppfatta kosta kjøp av domenenamnet aleine 3,5 millionar kroner. Barnesjukdomar er det lov å ha, men dei bør gå an å kurere.
Det er garantet feil og mangler ved nav.no. Som ved alle andre nettsider, selv pentagons.
Men du har fullført en prosess, flere ganger trykket fortsett registrering i din jakt på avregistrering. Det du beskriver er ikke negativt, tvert imot er det positivt at brev sendes automatisk framfor manuelt, det er positivt av NAV tar kontakt med de som søker jobb og det er positivt at meldekort opprettes automatisk.
Det jeg egentlig reagerer på er ikke ditt harselas med en side som fungerer veldig fint som veiledningsbase for titusenvis av mennesker. Nei det er at du tiltrekker deg kommentarer på denne bloggen som er med på å legitimere enormt med usaklig NAV hets.
I Norge er vi så heldige at vi kan søke om ytelser for alt, fra vi fødes til vi dør. Enten vi er pensjonerte, i full jobb, enslig, er hjemme med barn, syke, har syke barn, har en yrkesskade, har gravlagt våre nærmeste, skal reise for å få behandling, trenger hjelpemidler for å fungere i hverdagen eller på jobb, eller bare har kommet opp i et voldsomt uføre økonomisk av diverse årsaker. You name it, vi har en ytelse for alt, til alle i Norge.
NAV ansatte har et helt hav av regelverk å forholde seg til. At disse er i stadig endring gjør det ikke lettere.
Når media og slike blogger så legitimerer det å drive harselas med en etat som hjelper hundretusener av mennesker, så påvirker det folks oppfating av en etat med negativt fortegn. Det er synd. Selvsagt gjøres det feil og man kan godt mene systemet er tunggrodd. Isåfall må skytsen rettes mot landets lovlig valgte lovgivende organ Stortinget og ikke mot NAV.
Jeg må innrømme at jeg humrer litt når jeg leser dette tilsvaret fra Arnt, fordi jeg føler det er en så typisk NAVisk måte å svare en forvirret og fortvilet bruker på:
- NAV er bra fordi vi hjelper mange, vi burde være takknemlige for at vi i det hele tatt lever i et så bra land med mange ytelser.
- NAV-ansatte har det veldig vanskelig med omorganisering og kompliserte arbeidsoppgaver og systemer.
- Å klage på at noe ikke fungerer i NAV er «hets» og noe man burde holde seg for god til.
En flott måte å skyve problemet tilbake på brukeren på, uten at noen ønsker å innrømme at dette er et reellt problem for brukeren.
Som regel får man en «ok, det er kanskje ikke perfekt, MEN..» og så en forklaring på regelverket (som ikke fungerte for brukeren)… og så er man like langt.
Og hvorfor skal man rette skytsen mot Stortinget? Det er da ikke Stortinget vi er brukere av, er det vel? Når vi reklamerer på et elektrisk produkt kjøpt på Elkjøp, så er det Elkjøps oppgave å rydde opp, ikke klage over at vi bedriver «hets» mot Elkjøp og henvise til at «da burde vi heller ta det opp med fabrikken som produserer dette».
Når man skal registrere seg er det 3 store og tydelige bokser som lyser mot deg:
1) Jeg er permitert eller arbeidsledig. [start registrering]
2) Jeg mottar en ytelse fra NAV [start registrering]
3) Jeg er på jakt etter ny jobb. [start registrering]
Du har klikket deg inn på alternativ 1 og fullført registreringen. Alle kan gjøre feil. Det inkluderer folk i NAV. men har har DU registrert deg på feil sted. Du burde møtt opp på ditt lokale NAv kontor, så hadde du fått kyndig veiledning og feilregistreringen din hadde ikek forekommet.
Når du først har begått denne feilen, burde du la den forbigå i stillhet framfor å forsøke å drite ut en etat med 15 000 ansatte, hvor veldig mange gjør en ærlig jobb.
Eg ser den sida når eg går innpå via nav.no i dag. Eg ser også til mi store glede teksten: «Status: For tiden ikke arbeidssøker hos NAV» når eg loggar meg inn. Men då eg prøvde å setje opp søket første gongen kom eg inn på ei anna side, etter først å ha logga meg inn via MinID. Derfor såg eg aldri den teksten du viser til.
Elles trur eg ikkje 15.000 NAV-tilsette bør ha grunn til å kjenne seg hengt ut. Tvert imot har eg fått bra og rask service hos menneska i NAV. Men det skein gjennom at den eg snakka med også kunne ha likt å ha meir menneskeleg kontroll over datasystemet.
Den du snakket med har 8-9 fagsystemer, totalt ulike, å forholde seg til. Alt fra gammeldagse dos-programmer til europas største saksbehandlingsprogram. Pluss en rekke program hvor alle henvendelser og krav skal registreres.
De som svarer når du ringer har en veldig utfordrende jobb
Don’t feed the troll.
Merker at Arnt Vegar forsvarer NAVs svake systemer og service på en måte som bare en som selv jobber der, og derfor er på defensiven, kan gjøre.
Kan godt kalle mine innlegg for et forsvar. Jeg forsøker å forklare og male et litt annet bilde enn det feilaktige og ensformige bilde som media maler. Jeg tror de aller, aller fleste av NAVs 4 millioner brukere er fornøyde. For vi er alle nav brukere på et tidspunkt i livet. Alle.
Å de aller fleste får sin ytelse på konto hver mnd, enten det er dagpenger, barnetrygd, pensjon sosialstønad eller hva som helst uten at de engang tenker over det.
Men så er det et fåtall som alltid klager, som klager på alt. Når de skal klage på systemet så bør klagingen hvertfall rettes dit den rettes bør, mot de som laget systemet. Ikke mot de som er satt til å forvalte det.
Å når noen legitimerer usaklig kritikk og sjikane, så ser jeg ikke noe problem med å forsøke å nyansere litt.
Hotel California
We are programmed to receive.
You can checkout any time you like,
But you can never leave!
Si hva du vil, Arnt, men et system som man kan komme inn i, men ikke komme seg ut av uten mange omveier, og ja, for meg er papirbasert saksbehandling en omvei ift å kunne reversere en innmelding på nett, er ikke hva som er brukervennlig i 2010.
NRK Sogn og Fjordane har lest blogginnlegget, og det viser seg at eg ikkje er einaste som har pussige opplevingar med NAV:
Her er tekstversjonen hos NRK Sogn og Fjordane:
Fekk ny sambuar av NAV
http://www.kuttisme.no/2010/11/17/slanty-design/
Kanskje slanty design? Lol
2 tilbakesporinger
[...] This post was mentioned on Twitter by Pål Nedregotten, Arild Nybø. Arild Nybø said: Hjelp, eg er tvangsinnmeld som arbeidssøkjar! Og @NAVnorge sine serverar søv og let meg ikkje sleppe fri. Les blogg: http://bit.ly/adm2VT [...]
[...] Les hele historien “Tvangsinnmeld som arbeidssøkjar. Hjelp” [...]