Slik fekk vi 50.000 Facebook-følgjarar

I Mediebruket ville vi som eit eksperiment teste kor mange medlemer vi kunne få på ei norsk Facebook-side, med minimal bruk av tid og pengar, og utan bruk av konkurransar og «ulovlege» vervekampanjar. Det gjekk over all forventning.

MÅLET var altså å få flest mogleg følgjarar på ei Facebook-side, og ikkje nødvendigvis gjere noko som er så frykteleg samfunnsnyttig.

Det første vi gjorde var å definere MÅLGRUPPA. For å gjere det enkelt, men ambisiøst, valde vi målgruppa: «Alle nordmenn som brukar Facebook».

Deretter funderte vi på kva interesse alle desse har til felles, og konkluderte kjapt med teorien «Alle nordmenn som er på Facebook er interesserte i tips og nyheiter om Facebook på norsk».

STRATEGIEN for sida vart dermed å dagleg tilby nyheiter og tips på norsk om Facebook. Vi ville ikkje opprette ei blank side og be brukarane bidra. Vi veit av erfaring at den strategien sjelden fungerer. Dei som ferdast på internett har gjerne dårleg tid, tenkte vi. Dersom vi kan spare vi tid for dei som følgjer sida ved at dei kan vere nokolunde trygge på at viktige nyheiter om Facebook hamnar på deira eigen vegg, og dei slepp å bruke tid på å oppsøkje nyheitene sjølve, så ville det truleg vere ein modell som virka. Og det virka!

METODEN vi valde var å sanke RSS-straumar frå norske online-medier, og deretter filtrere ut alle artiklar som har orda «facebook» eller «fjesboka» eller variantar av desse i tittel eller ingress. Til dette brukte vi Yahoo! Pipes, og deretter RSS Grafitti for å poste lenkene på Facebook-sida med jamne mellomrom. Gratis begge deler. RSS Grafitti har vi stilt inn slik at den ikkje spammar veggen til følgjarane, og det dryp inn 1-2 innlegg dagleg i snitt.

Etter at dei første innlegga hadde blitt automatisk posta, tok vi og inviterte inn våre private kretsar. Etter ei kort stund kom medlemstalet opp i 500, og der vart det ståande så og seie heilt i ro. Då fann vi ut at vi måtte gje ei lita vitamininnsprøyting, og kjøpte annonsering på Facebook for i underkant av 1.000 kroner i juni 2010. Det fungerte. Talet på følgjarar steig meir enn talet på klikk på annonsa. Det vil seie at vener av dei som klikka «Liker» såg kva Facebook-venen deira hadde gjort, og ville gjere det same. Dermed tok det av, og vi kutta annonseringa.

Talet på tilhengarar steig jamnt i nokre veker fram til vi nådde like under 5.000. Då stoppa det heilt opp att. I desember brukte vi nokre hundre kroner på Facebook-annonsering att, fram til vi passerte 5.000, som tydelegvis var ei magisk grense. Då kutta vi annonsene, og det skaut plutseleg voldsomt fart av seg sjølv. Den virale spreiinga slo til for fullt. På to veker var talet over 35.000. Etter den tid har det stige med 10-100 dagleg, og flata omtrent ut då vi nådde 48.000 følgjarar:

Eit par gonger i veka sjekkar vi sida, fjernar spam og tek vekk likelydande saker (media som skriv om internett og Facebook snappar veldig raskt opp sakene til kvarandre, og lagar sine eigen versjonar med i prinsippet same innhaldet).

Smått om senn nærmar det seg 50.000 følgjarar, etter at vi har hatt forsøket gåande i vel eitt år. Som det går fram av statistikken ovanfor er 82 % mellom 13 og 17 år. Dette talet har gått nedover, truleg fordi dei første medlemene no har fylt 18.

Eit vanleg innlegg/post blir i snitt vist på følgjarane sin vegg mellom 10.000 og 20.000 gonger, og slik sett er vi nok med på å føre ein god del trafikk tilbake til kjelda for artikkelen. Mellom 0,02 % og 0,05 % klikkar «Liker» på sjølve linken til artikkelen, eller kommenterer den.

Vi har ingen planar om å tene pengar på dette. Men vi har iallefall eit stort publikum den dagen vi sjølve har noko spennande å formidle. Vi vil så fall skrive noko relevant for sida, for vi vil ikkje bryte «kontrakten» med dei som har valt å følgje Fjesboka på Facebook. Kanskje dette blogginnlegget vil vere relevant?

Denne artikkelen er kategorisert under Sosiale medier og merket , , , . Bokmerk permanent lenke. Skriv ein kommentar eller legg igjen en tilbakesporing: Tilbakesporings-URL.

12 kommentarer

  1. Skrevet 6. september 2011 klokka 16:13 | Permalenke

    Gratulera så mykje med overraskande 50.000 følgjarar – og takk for dokumentasjonen! Det var interessant lesning!

  2. Vidar Haagenen
    Skrevet 7. september 2011 klokka 12:10 | Permalenke

    Slår følge med Herdis. Gratulerer og takk for dokumentasjonen. Kan dere utdype hvilken form for annonsering dere benyttet?

  3. Skrevet 7. september 2011 klokka 13:26 | Permalenke

    Takk for tilbakemelding. Vi brukte 100 kroner dagleg i to periodar, og enda på 1840 kroner til saman. Annonsen vart vist i høgrekolonnen hos dei som ikkje var medlemer på sida frå før. Vi betalte for visningar (CPM) og ikkje for klikk (CPC).

    Vi gjorde eit liknande eksperiment for å nå engelsktalande med diabetes. Vi lagde sida Bloodsuckr med automatisk nyheitsfeed med nyheiter om diabetes på engelsk. Vi annonserte til alle i engelsktalande land som på profilen sin har opplyst at dei er med i diabetesforeining e.l., og brukte i underkant av tusen kroner på annonser.

    Her slo ikkje den virale effekten inn, naturleg nok, for det ville ha krevd at vennene til den som klikkar «Liker» også har diabetes. To like metodar, med heilt ulikt resultat. Den internasjonale sida Bloodsuckr har mindre enn 1.000 medlemer: http://www.facebook.com/bloodsuckr.

  4. Inger Sandnes
    Skrevet 8. september 2011 klokka 08:06 | Permalenke

    Kult prosjekt og gode tips. Supert at du dokumenterer og deler prosessen med oss!

  5. Skrevet 23. september 2011 klokka 17:48 | Permalenke

    Denne har ligget i inboksen en stund, og fikk omsider lest. Veldig interessant Arild. Ønsker meg en bloggpost om effektiv bruk av rss overvåkningstoolen deres. Den fikk jeg sansen for

    • Skrevet 27. september 2011 klokka 21:29 | Permalenke

      @halvor Takk for tilbakemelding. Vi skal teste Yahoo! Query Language litt frametter, utviklarspråket som ligg til grunn for Yahoo! Pipes. Skal oppdatere bloggen om vi finn ut noko som er verd å dele.

  6. Skrevet 16. oktober 2011 klokka 16:18 | Permalenke

    Stilig! Fint eksperiment og kult at dere deler det her på bloggen! Lykke til videre :)

  7. Skrevet 26. oktober 2011 klokka 12:38 | Permalenke

    Ein interessant observasjon til: Etter at Facebook innførte Top Stories 21. september 2011, så fall talet på visningar av nye innlegg frå 10.000-15.000 ned til ca. 500 over natta. Dei neste dagane steig talet litt att til 5.000-10.000, truleg ettersom brukarane endra innstillingane sine. Deretter gjekk talet ned att, og ligg no jamt på mellom 1.500 og 2.500 visningar, m.a.o. berre ein brøkdel av dei over 50.000 som følgjer sida.

    Dermed har det blitt mykje vanskelegare å nå ut med ein bodskap til følgjarane av sider. For Facebook er dette sikkert OK; det fører til auka annonsesal. For dei som ikkje har annonsebudsjett er det ikkje lenger like enkelt. Kampen om plassen på Facebook-veggane til folk er blitt mykje hardare.

  8. Skrevet 4. november 2011 klokka 12:24 | Permalenke

    Dette er et godt eksempel på hvordan man kan / bør bruke Facebook for å oppnå sine mål. Gjennom beviste og gjenomtekte valg av mål, strategi og metode ble også resultatet bra!

  9. Skrevet 17. januar 2012 klokka 22:28 | Permalenke

    Tusen takk som deler! Dette var morro å lese!

  10. Skrevet 18. januar 2012 klokka 13:32 | Permalenke

    Du oppgir at du brukte et par søkeroboter til å lete opp og publisere saker på Facebook-siden, noe som gjorde denne attraktiv. Fins det noen begrensninger på republisering av artikler på denne måten? Jeg tenker spesielt på rettighetsbegrensninger fra mediene hvis artikler du publiserer på egen Facebook-side.

    • Skrevet 13. februar 2012 klokka 15:31 | Permalenke

      Tekst og bilde er henta frå RSS-ar som mediene har lagt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk. Dermed går vi ikkje aktivt inn på dei fullstendige sidene med søkescript, men søkjer berre i det som ligg i RSS-en (tittel og ingress). Så lenge vi ikkje hentar brødtekst, og lenkar direkte inn til saken hos det aktuelle mediet, og ikkje utnyttar dette kommersielt, så ser eg ikkje at det oppstår problem med rettigheiter. Men det enkelte mediet kan reservere seg mot dette, i så fall kan vi fjerne RSS-en til mediet frå lista.

      Eg trur likevel at media generelt ønskjer å få fleire lesarar på sakene sine, og at det dermed vil det vere bra for trafikken hos dei at sakene deira blir marknadsført for 50.000 unge «lesarar» på Fjesboka. Det er også eit ønskje hos oss å drive trafikk inn til dei som lagar sakene, slik at begge partar tener på dette. Dvs.: Vi har ingen inntekter, og brukarane kan bruke sida gratis, men dei som lagar sakene kan få større annonseinntekter når vi hjelper til med å auke trafikken hos dei.

2 tilbakesporinger

  1. [...] Facebook-annonsering før antall tilhengere skjøt til vers. Du kan lese mer om eksperimentet på http://mediebruket.no/blogg/2011/09/06/slik-fekk-vi-50-000-facebook-folgjarar/ Share this:TwitterFacebookLike this:LikeBe the first to like this post. Comments RSS [...]

  2. [...] Medan du grublar på det kan du kanskje lese denne bloggposten, om firmaet som sette seg som mål å få 50 000 følgjarar med minimal bruk av tid og pengar, som dei sjølve sa det. Dei greidde det – på eitt år – og her kan du lese om korleis det gjekk til. [...]

Skriv ein kommentar

Din e-postadresse deles eller publiseres aldri. Obligatoriske felt er merket med *

*
*

Du kan bruke følgende HTML-tagger og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>