Om Mediebruket

Mediebruket AS er eit digitalt kommunikasjonsbyrå i Sogn og Fjordane, og har utvikling, drift og marknadsføring av nettstader som spesialfelt. I tillegg driv vi rådgjeving, undervisning og tilbyr konsulenttenester innanfor dette fagfeltet. Vi tek oppdrag over heile landet. Hovudkontoret ligg i Førde i Sunnfjord, og vi har eit avdelingskontor i Sogndal.

Les også bloggen vår: Sett og frett om nett, og siste nytt.

Bakgrunn

Vi veit at mange har sin eigen nettstad, men det er vår erfaring at få har kompetanse til å drive og vidareutvikle denne. Endåtil ´enkle´ oppgåver som å publisere bilete i rett format er ofte vanskeleg når ein ikkje har trening i det. Mange ønskjer derfor å setje vekk slike oppgåver for å frigjere ressursar i eigen organisasjon. På same tid sikrar dei seg at bedriftas kanskje viktigaste utstillingsvindauge; nettsidene, vert skjøtta best mogleg.

Forretningsidéen til Mediebruket er å drive nettstaden til bedrifter og andre organisasjonar ved å lage og publisere nye artiklar og anna innhald med jamne mellomrom. I tillegg tek vi på oss tradisjonelle internettenester som webdesign, webutvikling, hosting osv. Kunden slepp å måtte ha nettsidene som ein stressfaktor lenger.

Mediebruket er ein av få totalleverandørar i denne bransjen. Fleire av våre kundar har teikna langsiktige kontrakter der Mediebruket har ansvar for halde nettstaden ved like, og fortløpande supplere med nytt innhald.

I tillegg gjer dei seg nytte av Mediebruket sine mange tilleggstenester innan kommunikasjon og informasjon.

Idéen er at bedrifter kan overlate heile drifta av nettstaden sin til oss, slik at dei i staden kan konsentrere seg om det dei er best på. Vi kan utvikle nettstaden frå grunnen av , og oppdatere med nytt innhald så ofte kunden ønskjer.

Arild Nybø, gründer

Tilsette

arnybo

Arild Nybø

Mobil:

twitter.com/

Meir om Arild Nybø →

terje

Terje Sørbø

Webutviklar

Mobil: 948 79 457

terje@mediebruket.no

twitter.com/tersor

Meir om Terje Sørbø →

janerik

Jan-Erik Kvåle

Prosjektleiar / innhaldsutviklar, internett

Mobil: 950 60 995

janerik@mediebruket.no

twitter.com/kvaale

Meir om Jan-Erik Kvåle →

DSC_0025

Daniel Mattke

Webutviklar

Mobil: 957 71 564

daniel@mediebruket.no

twitter.com/mediebruket

Meir om Daniel Mattke →