Ledig stilling

Mediebruket er eit innovativt kommunikasjonsbyrå med design, utvikling, drift og marknadsføring av nettstader og innhald som spesialfelt. Vi tilbyr dessutan rådgjeving, undervisning og andre konsulenttenester innan dette fagfeltet. Hovudkontoret er i Førde i Sunnfjord. Vi har i tillegg eit kontor i Sogndal.

Våren og sommaren 2012 har vi vore i full drift i godt og vel halvtanna år, og har hittil fire dyktige medarbeidarar. Men stadig fleire bedrifter og organisasjonar i heile landet oppdagar at vi løyser alle typar oppgåver innan webutvikling spesielt og kommunikasjon generelt. Nyleg har vi signert store og langsiktige kontrakter, i tillegg til dei som alt står på referanselista.  Vi driv også og utviklar eigne spennande tenester, og treng derfor stadig nye tilsette.

Vi tek sikte på å lyse ut nye ledige stillingar i 2012, i spennet mellom kommunikasjon og webteknologi.

Ta kontakt med oss om du vil bli varsla når vi har ledig stilling, eller send ein open søknad.


For alle stillingane våre gjeld:

Vi tilbyr eit fantastisk miljø for deg som vil jobbe med det siste innan digitale trendar og webteknologi.

Formell kompetanse er ikkje avgjerande; det er viktigare at du lærer raskt, greier å arbeide sjølvstendig, og har eit bra vitnemål/CV, og/eller gode referansar.

Du vil trivast hos oss om du er raus, har stor arbeidskapasitet, godt humør, og evna til å gle deg også på andre sine vegner. Vi jobbar stort sett i skya, og tilbyr fleksibel arbeidstid. Du vel sjølv om du vil ha din faste kontorplass i Førde eller Sogndal. Vi brukar gjerne Apple sine produkt, men du vel dine eigne arbeidsreiskapar. Løn etter avtale. Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Send gjerne ein open søknad, CV med referansar og lenkjer til arbeidsprøvar til Arild Nybø, arild@mediebruket.no, tlf. 977 33 028. Skriv kva du har mest lyst til å jobbe med. Ikkje nøl med å kontakte kven som helst av oss om du har spørsmål.

Vil du vere med, så heng på!