Tekst og multimedia

Du kan trygt overlate drifta av nettstaden din til oss. Mediebruket har spesialisert seg på både å lage og drive nettstader for kundar. Vi oppdaterer sidene og lagar nye tekstar, bilete og video. Så ofte du ønskjer.

Vi tilbyr skreddarsydde avtalepakkar på innhaldsproduksjon eller timesoppdrag der vi t.d. kan utføre:

  • Produksjon og publisering av nye artiklar (kan også brukast som pressemeldingar)
  • Vedlikehald og språkvask av faste tekstar
  • Omsetjing bokmål – nynorsk – engelsk
  • Produksjon og publisering av bilete, lyd og video
  • Søkemotoroptimalisering (SEO) av nettsidene
  • Marknadsføring av nytt innhald gjennom t.d. sosiale medium

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.

Eller kanskje du ønskjer å gjere jobben sjølv, og ønskjer ein nettstad som du enkelt kan styre heilt aleine? Les meir om kva tekniske løysingar vi tilbyr.

Ser nettstaden din ut som om den har vore heime aleine lenge?

Når den splitter nye, eller den gamle og forbetra publiseringsløysinga er ferdig levert av oss eller andre, så tilbyr vi oss å drive nettstaden din vidare for at den skal vere oppdatert og attraktiv.

Nettsider er ferskvare. Ein nettstad med mykje utdatert innhald gjev kundane inntrykk av at det står dårleg til. Nettstaden er ofte di viktigaste skilting og ditt viktigaste utstillingsvindauge. Den bør derfor vedlikehaldast profesjonelt og jamleg. Vi har mange kundar som har innsett dette, og som opplever fornya interesse for nettsidene sine og det dei tilbyr der etter at Mediebruket overtok drifta.

Få hjelp av profesjonelle. La Mediebruket produsere tekst, bilete og video og oppdatere heimesidene.

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.