Kurs og føredrag
Ei førelesing eller eit kurs frå Mediebruket gjer at du vert oppdatert på det siste innan kommunikasjon, webdesign og -utvikling, eller drift av nettstader og sosiale medium.
Vi tilbyr enkeltståande føredrag over heile landet, fagdag med føredrag og arbeidsoppgåver, eller skreddarsydde kurs. Mediebruket kan stille med alt naudsynt presentasjonstustyr og lydanlegg.
Sidan dagleg leiar har lang fartstid i media, og har vore informasjonssjef, så kan vi også tilby meir generelle førelesingar om kommunikasjonsstrategi, dramaturgi i produksjon av nyheiter for avis, radio, TV og internett, korleis skrive og følge opp ei pressemelding, medietrening, og vi kan agere media i samband med t.d. beredskapsøvingar.
Ta kontakt for å få uforpliktande tilbod på undervisning som kan høve for dykk.
Workshop: Snarvegen til ein kommunikasjonsstrategi
Mange verksemder har ikkje tid til å lage ein eigen kommunikasjonsstrategi, og i det daglege følgje ein omfattande kommunikasjonsplan. Men det betyr ikkje at kommunikasjon ikkje bør inn på dagsorden. Derfor har Mediebruket laga ei enkel sjekkliste for å få ”kommunikasjon” inn på leiarmøta og i det daglege arbeidet.
I workshopen ser vi i felleskap på korleis kommunikasjon kan nyttast praktisk for å nå måla til verksemda, og ved hjelp av sjekklista løyser vi konkrete kommunikasjonutfordringar henta frå kvardagen til verksemda.
Tal deltakarar: 4 – 20 personar.
Varigheit: Frå 3 timar for små grupper, opp til 6 timar for større grupper.
Innhald: ca. 1/3 teori, og 2/3 praktiske øvingar.
Pris: Frå kr. 8.925,- eks. mva.
Kan supplerast med standardførelesingar om «Korleis lage gode nettsider» og «Bruk virtuelle sosiale nettverk som kommunikasjonskanal» for å lage eit heildagskurs.
Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.
Populære standardførelesingar:
(kan bestillast på kort varsel)

Arild Nybø (til høgre) frå Mediebruket i debatt om bruk av sosiale medium på Nordiske Mediedager 2010 med nyheitsredaktør i TV 2, Jan Ove Årsæther og rådgjevar for nettuvikling i NRK Kulturavdelingen, Nina Nordbø. Foto: Hildegunn Holtet .
Bruk virtuelle sosiale nettverk som kommunikasjonskanal
Auk synlegheita på nettet og bruk medium som Facebook, Twitter, LinkedIn, Flickr, YouTube m.m. til å halde kontakt med kundane/brukarane dine, gjer varene og tenestene kjende, og få tilbakemeldingar. Passar både for alle typer private og offentlege føretak, lag og organisasjonar.
Varigheit: 1 time
Pris: Frå kr. 4.250,- eks. mva.
Korleis lage gode nettsider
Vi viser korleis du aukar synlegheita di t.d. i søkeresultata hos Google. Lær korleis ein god nettstad må vere for at kundane/brukarane dine skal finne den og bruke nettsidene slik du ønskjer. Vi tek føre oss tekniske løysingar, innhald og design. Passar både for alle typer private og offentlege føretak, lag og organisasjonar.
Varigheit: 1 time
Pris: Frå kr. 4.250,- eks. mva.