Rådgjeving og konsulenttenester

Er du litt i villreie om internett, media eller korleis utforme ein kommunikasjonsplan? Har du ei kommunikasjonsoppgåve som du ikkje heilt veit korleis du skal løyse? Du kan kontakte oss for å få strategisk hjelp og rådgjeving.

Skal du ha leiarmøte, og saknar kvalifiserte råd? Hyr inn ein kommunikasjonsekspert ein times tid under møtet og få fagleg rettleiing.

Mediebruket tilbyr rådgjeving og ei rekkje kommunikasjonstenester som sjølvstendig konsulent eller i samarbeid med andre ekspertar og leverandørar. Vi gir også råd om kjøp av tenester frå tredjepart.

Kontakt dagleg leiar Arild Nybø for ein uforpliktande prat, arild@mediebruket.no, tlf. 977 33 028.