Webutvikling og webdesign

Vi lagar nettstaden din nett slik du og kundane dine vil ha den, og tek gjerne på oss den tekniske drifta og support.
Kontakt oss for tilbod på webutvikling/-design.

Ingen organisasjonar er heilt like, og alle har ulike behov. Derfor er det sjeldan ein god idé å kjøpe hyllevare når det handlar om å bygge ein god nettstad.

Mediebruket tek utgangspunkt i forretningsidéen eller visjonen dykkar, og skisserer eit opplegg som både organisasjonen og kundane blir nøgde med, alt etter kva budsjett de har for nettstaden.

Vi kan levere alt frå dei enklaste statiske sider, til omfattande system for innhaldsstyring, sal og kundekontakt. Vi brukar verdas mest brukte og raskast veksande publiseringssystem WordPress. Sjå også referansar. I tillegg tek vi på oss drift og vedlikehald av nettstaden frå kr. 400 per månad.

Ta kontakt for å få eit godt tilbod.

Utnyttar du potensialet på nettstaden din?

Saknar du eller brukarane dine ein funksjon på nettsidene? Mediebruket utviklar løysingar for eksisterande nettstader slik at du betre kan utnytte potensialet. Vil du ha ei spørjeundersøking eller nyheitsbrev, så kan vi levere det. Vil du ha blogg, kommentarfelt og integrere sosiale medier som Facebook og Twitter, eller ein RSS-nyheitsstraum? Vi ordnar med glede det også.

Ta kontakt for å høyre kva vi kan hjelpe deg med.

Hald nettstaden oppdatert

Men det er ikkje nok å berre ha ein nettstaden som ser fin ut. Innhaldet må oppdaterast med jamne og ujamne mellomrom, og sidene må gjerast mest mogleg synlege gjennom søkemotorarar som t.d. Google. Det skal med andre ord vere lett å finne dykk, og det krev at innhaldet er oppdatert og held høg kvalitet.
Les meir om oppdatering av innhaldet.

Vi lagar knallgode nettsider!