Mediekameratane
Mediekameratane har vore eit kompetansesamarbeid mellom erfarne medie- og kommunikasjonsrådgjevarar i Sogn og Fjordane. Frå 2011 er den same kompetansen og tenestene å finne i desse to selskapa med kvar sine spesialitetar:

Mediebruket
– kan både lage og drive nettstaden din
Ekspertar på digital kommunikasjon. Har utvikling, drift og marknadsføring av nettstader som spesialfelt. Selskapet driv også rådgjeving, undervisning og tilbyr konsulenttenester innanfor dette fagfeltet.
Les meir på mediebruket.no
Alværn kommunikasjon
– kurs og trening – mål og meining
Med 20 års brei røynsle som journalist og kommunikasjonsrådgjevar i media, offentleg og privat næringsliv kan Anne Margrete Alværn vere din uhilda rådgjevar og trenar. Eller ekstra medspelar når det hopar seg opp.
Les meir på alvarn.no