Mediebruket vart i mai 2009 ferdig med utviklingsfasen for å utforske nye metodar for å levere relevant innhald til nettstader, og å auke inntektene deira. Dette har munna ut i ein konkret forretningsidé der det seinhausten 2009 er starta eit prosjekt for lage ein prototyp. Den første fasen var støtta av Sparebanken Vest, Sunnfjord Næringsutvikling / Førde kommune og Innovasjon Norge.

I tillegg til utviklinga av prototypen har Mediebruket kapasitet til å ta oppdrag for andre. Sjå tenestene våre her.
Bedrifta held til i Førde i Sogn og Fjordane, men kan ta oppdrag over heile landet. Vi har også samarbeid med to andre dyktige medie- og kommunikasjonsrådgjevarar i Mediekameratane.no for å kunne ta større oppdrag, og tilby eit breiare spekter med tenester som t.d. totalpakker i samband med større konferansar.

Litt om kompetansen

Arild NybøDagleg leiar og innhaldsutviklar for internett er Arild Nybø, som har meir enn 20 års erfaring i mediebransjen. Han har arbeidd med utvikling av innhald på internett sidan 1994. I februar 2009 kom han frå stillinga som nettredaktør i Firda Media og sjef for digitale kanalar i Sogn og Fjordane for A-pressen. (Sjå CV på LinkedIn.)

Han har også vore informasjonssjef i Helse Førde med ansvar for all intern og ekstern informasjon inkl. internett og intranett, og ti år i NRK Sogn og Fjordane der han var med på å byggje opp nyheitstilbodet på nettet, og m.a. lagde nettutgåva av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.  I tillegg har han gjennomført A-pressen si toppleiarutdanning, og har fullført ei rekkje kurs innan nettpublisering.

Terje SørbøHausten 2010 er webutviklar Terje Sørbø på plass i Mediebruket AS som medeigar og fulltidstilsett. (Sjå CV på LinkedIn). Sørbø kjem frå stillinga som seniorutviklar i Firda Digital. Han har lang erfaring som grensesnittprogrammerar, og har kompetanse på LAMP-miljø og open source-programvare. Terje har også erfaring med Ruby on Rails, og har utvikla fleire produksjonsverktøy for mediebransjen. I det siste har han også tileigna seg kompetanse i produksjon av applikasjonar for iPhone og iPad. (Les meir her.)

Les meir om tenestene og ta kontakt.