Vil du lage ein ny nettstad for bedrifta di? Eller har du ansvar for ein nettstad, men har lyst til å gjere den betre? Tykkjer du at du ikkje får utnytta internett til fulle i bedrifta? Manglar du medarbeidarar med webkompetanse? Mediebruket hjelper deg gjerne.

Mediebruket tek dei aller fleste typar oppdrag som gjeld webutvikling og webdesign, og produksjon av innhald på internett, anten vi utfører dei aleine eller i samarbeid med partnerane i Mediekameratane.no, med timepris eller fast avtala pris på førehand.

Større oppdrag som t.d. planlegging, booking og avvikling av konferansar vil bli tekne i samarbeid med Mediekameratane. Vi kan ta på oss alt frå start til mål i samband med konferansen (planlegging, marknadsføring, booking av føredragshaldarar, lokale og underhaldning, møteleiing, referat, PR osv.). Kontakt oss gjerne.

Mediebruket kan aleine tilby tenestene som nemnt nedanfor, men er svært fleksible. Sjå døme på oppdrag vi har teke under Referansar.

Webutvikling og webdesign

Vi har hovedbase i Førde i Sunnfjord, Sogn og Fjordane. Men vi tek oppdrag i heile Norge, og kan om ønskjeleg kome til bedrifta di. Mykje kan likevel ordnast rimelegast over internettet, gjennom våre prosjektverktøy, epost og sosiale medier.

Vi tilbyr produksjon av nettsider, oppretting og hosting av nettstader. Du kan velje mellom fleire ulike publiseringsløysingar, og vi hjelper deg å finne den rette for deg.

Ta uforpliktande kontakt for meir informasjon.

Programvareutvikling

Mediebruket kan utvikle applikasjonar for iPhone og iPad.

Innhaldsproduksjon og drift av nettstad

Du kan få hjelp av Mediebruket til produksjon og oppdatering av innhald (tekst og multimedia) til nye og eksisterande nettsider.

Vi har erfaring med alle dei kjende publiseringsløysingane, og kan om ønskjeleg ta hand om heile prosessen frå produksjon til innhaldet er ferdig publisert på nettstaden.

Du kan også få avtale om fast oppdatering av nettsidene over eit lengre tidsrom, og/eller total drift av heile nettstaden din, frå kontakt med teknologileverandør til produksjon av alt innhaldet. I sistnemnde tilfelle treng du ikkje ha ein einaste person med webkompetanse i bedrifta, Mediebruket kan ta ansvar for heile nettenesta.

Ta uforpliktande kontakt for meir informasjon.


Rådgjeving og research

Er du litt i villreie om internett, eller har ei oppgåve som du ikkje heilt veit korleis du skal løyse? Du kan kontakte oss for å få strategisk rådgjeving i samband med etablering og/eller drift av nettstad. Mediebruket kan om ønskjeleg gjere heile jobben frå å skaffe leverandør av publiseringsløysing og webdesign, til å produsere innhaldet og det som skal til for å gjere nettstaden heilt ferdig.

Vi kan også hjelpe deg med informasjonsinnhenting på nettet, eller hjelpe deg å ta i bruk gratisverktøy for å gjere den dagleg researchen og informasjonsovervakinga enklast mogleg.

Ta uforpliktande kontakt for meir informasjon.


Førelesingar og kurs

Om du eller medarbeidarane dine treng å oppdatere dykk på webtrendar, den siste internetteknologien og innhald på internett generelt, så kan Mediebruket i samarbeid med dei fremste internettekspertane i landet lage til enkeltførelesingar eller kurspakker. Desse kan om ønskjeleg supplerast med praktiske arbeidsøkter. Mest populært er kurs i sosiale medier, der vi tilbyr alt frå halvdags kurs til kurs med inntil tre dagsamlingar og heimeoppgåver.

Ta kontakt for å få uforpliktande tilbod på undervsining som kan høve for dykk.

Standardførelesingar (inntil 1 time) - sjå referansar:

Bruk virtuelle nettverk som kommunikasjonskanal

Lær å bruke sosiale medier som LinkedIn, Facebook, Twitter, Origo m.m. Marknadsfør merkevara di gratis og å auk synlegheita di på internett, t.d. i søkeresultata hos Google, og/eller hald kontakt med brukarane av tenestene, gjer dei kjende og få tilbakemeldingar (passar både for bedrifter og offentlege tenesteytarar).

Skaff deg eit verdsomfemnande fagnettverk

Gjennom aktiv bruk av sosiale medier kan du byggje opp eit virtuelt profesjonelt nettverk over heile verda, og auke autoriteten din i bransjen.

Lag gode tekstar på nett

Lær kva tekstane på ei nettside må innehalde for at andre skal få lyst til å lese dei.

Lokale nyheiter på nettet (enkeltkurs eller førelesingsserie)

Ulike førelesingar tilpassa mindre nyheitsmedier på internett og studentar, t.d. “Kva kjenneteiknar ei nyheitssak?”, “Korleis skrive ei god nyheitssak på nettet?”,
“Korleis organisere nettarbeidet i redaksjonen?” m.m. Eg har halde slike kurs saman med Christian Senning Andersen i Ringerikes Blad for Hallingdølen, Hordaland og Sunnhordland.