Ukrainske Nila (til høgre i biletet) starta på hovudkontoret i Førde i februar, og har utdanning og jobberfaring som webdesigner frå Kyiv. Ho er lidskapeleg oppteken av å designe gode nettsider og med det hjelpe kundane med å nå måla sine. Og det går lite i ukrainsk og engelsk på kontoret, sidan Nila på rekordtid lært seg å både snakke og skrive nynorsk.
Frå Ukraina har Nila også advokatutdanning, og har arbeidd med sal og drift av crossfit-tenester.
Indresogningen Inger Johanne (til venstre) har nett flytta frå Oslo til heimbygda Lærdal, der ho no har sin daglege arbeidsplass. I tillegg til å vere oppteken av at nettsidene skal sjå bra ut, så legg ho ekstra innsats i at innhaldet på dei skal vere mest mogleg tilgjengeleg og at sidene er universelt utforma.
I Oslo har Inger Johanne erfaring frå studiar og arbeid med såkalla UX-design, det vil seie design av brukaropplevinga i bruk av digitale tenester. Frå før har ho ein bachelor i utvikling og sosialantropologi.
I Mediebruket er det no fem tilsette på hovudkontoret i Førde i Sunnfjord, deriblant to digitaldesignerar, to utviklarar og dagleg leiar. I tillegg har byrået avdelingskontor på Sandane, på Voss, og no altså i Lærdal.
Byrået har dessutan tett samarbeid med fleire lokale reklamebyrå, og hovudeigar Maksimer, og kan i samarbeid med alle dei levere heile breidda av kommunikasjonstenester.
Sidan 2009 år har Mediebruket arbeidd med fleire hundre store og små prosjekt for ulike kundar, og i dag driftar selskapet over 400 nettstadar av all slags kompleksitet.
Våre tenester

Nettsider

Søknadssystem

Digitale løysingar
