A stack of cookies to represent the cookies used on websites to store data

Nye samtykkekrav for bruk av cookies frå 2025

Nye reglar medfører strengare krav til samtykke frå brukaren for å kunne bruke informasjonskapslar (cookies) for datainnsamling.

1. januar tredde ein ny versjon av «ekomlova» i kraft for å samsvare med lover og rammeverk som gjeld i resten av EU. Dette gjer at mange nettstadar ikkje lenger driv innanfor gjeldande lovar og reglar.

Av: Eivind Eikeset Birkedal

Endringane i regelverket handlar om at nettstaden må hente inn samtykke frå brukaren på ein måte som er i tråd med personopplysningslova:

(…)en tydelig bekreftelse der den registrerte på en frivillig, spesifikk, informert og utvetydig måte gir sitt samtykke til behandling av vedkommendes personopplysninger

Datatilsynet forenklar krava i dei nye reglane ned til dei følgande punkta:

  • frivillig
    • Brukaren skal kunne takke nei til informasjonskapslar som ikkje er strengt nødvendige for funksjonen til nettstaden
  • spesifikt
    • Brukaren skal kunne få ei oversikt over informasjonskapslane på nettstaden
  • informert
    • Nettstaden skal gje ei forklaring for kvar informasjonskapsel slik at brukaren veit kva dei samtykker til
  • utvetydig
    • Samtykke skal vere tydeleg slik at brukaren ikkje gir vekk opplysningane sine ved ein feil
  • gitt gjennom ei aktiv handling
    • Brukaren kan ikkje samtykke ved å utføre ei anna handling (inaktivitet, lukking av eit vindu etc.), men berre frå ei klar handling som ein avkryssingsboks eller knapp.
  • dokumenterbart
    • Nettstaden skal loggføre samtykket brukaren har gitt for å kunne vise tilbake til det.
  • mogleg å trekke tilbake like lett som det vart gitt
    • Brukaren skal kunne trekke tilbake samtykket, og det skal vere like enkelt å avvise som å samtykke. Valet for å avvise skal derfor ikkje bli gøymt vekk ein annan stad.

Krav frå Google og andre aktørar

Dei nye krava har også gjort det strengare for store aktørar å samle inn personsensitive data og yte tenester basert på slike data. No krev derfor Google bruk av deira nye samtykkestandard, Consent Mode V2 for å kunne regulere innsamling og tilgang på personlege data i både brukaranalyse og annonsering. (Les meir hos Google)

Det betyr at vi i praksis vil få ein redusert brukaranalyse gjennom Google Analytics, og vagare målretting av annonsar ein kjøper eller viser gjennom Google Ads.

Om du ønsker å kunne bruke Google sine analyseverktøy og annonsar til det fulle må du derfor òg bruke denne nye modellen for å hente inn godkjent samtykke.

Korleis etterlever du dei nye krava?

Ein måte å løyse dette på er å bruke Cookiebot, som vi tilbyr i Mediebruket. Dette er ei stor og anerkjend løysing for innhenting og administrasjon av samtykke. Det gir nettstaden din ein sikker og enkel måte å behandle samtykke for å kunne samle inn brukardata.

Utsjånaden til banneret og innhaldet kan tilpassast stilen og språket til nettstaden din slik at det harmonerer godt med resten av nettstaden.

Cookiebot går gjennom alle sidene på nettstaden og ser kva informasjonskapslar som lastast frå innhaldet på dei individuelle sidene. Den vil deretter gjere jamnlege sjekkar av heile nettstaden for å oppdatere oversikta.

Stack of cookies

Kontakt oss for tilbod på installasjon av CookieBot

Installasjonen inkluderer konfigurasjon av Cookiebot, oppsett av Google Tag Manager, test av samtykkekontroll og oversetting av første gjennomgang

mediebruket.no har ikkje «cookie»-banner

Denne nettstaden, mediebruket.no, brukar ikkje informasjonskapslar for samle informasjon om brukarane. Vi brukar Matomo, som vi tilbyr gratis til alle kundane våre. Dette er ei løysing for å samle inn data som vi driftar internt. Løysinga er satt opp til å berre registrere anonymisert brukarstatistikk, utan bruk av informasjonskapslar, og blir ikkje delt med tredjepartar. Det gjer at løysinga ikkje utløyser krav til eit banner for samtykke frå brukaren.

Vi treng ikkje inngåande data om våre enkelte brukarar, kor dei har vore og kor dei går vidare. Om du tenker at du kan klare deg med ein forenkla bruksstatistikk kan du også fjerne tenester som samlar inn personsensitive data og gi brukaren eit enklare besøk.

Symbol for health

Kontakt oss for tilbod på Helsesjekk av nettstaden din

Sjekk at nettsida du ikkje lir av feil og manglar som har innverknad på brukaropplevinga og rangeringa av nettstaden din i søkemotorar.

Vi sjekkar heile nettstaden for feil og manglar og kjem med råd til kva grep som kan takast for at nettstaden skal fungere så bra som mogleg.