Det betyr at nettstaden din blir vist lengre oppe i lista med søkeresultat på Google enn den elles ville har gjort. Derfor kan dette vere ein god strategi for å auke trafikken til nettstaden organisk.
Søkeordsanalyse – bruk dei rette søkeorda
Start med søkeordsanalyse. Finn ut kva søkeord som blir brukt oftast når nokon leitar etter dei tenestene eller produkta du sel. Gjennom ei søkeordsanalyse får du gjerne mykje inspirasjon til innhald som du kan skrive, basert på trendar og kva spørsmål folk har rundt dine produkt eller tenester. Den jobben du gjer med søkeordsanalysen legg grunnlaget for mykje av arbeidet vidare og resultata som kjem.
Optimaliser landingssider
Optimaliser landingssida slik at den rangerer bra mot søkemotor. Det er fleire faktorer som speler inn på dette og nokre av desse er:
- Innhald
- Metatekstar
- Bilete
- Internlenking
- Titlar
Strukturer innhaldet
Ha ein god struktur på innhaldet ditt. Riktig H-tags i innhaldet er viktig for søkemotoren, brukaren og for å score godt på universell utforming. H står for headings og kan delast inn i H1, H2, H3 og H4 osv. I alt innhald skal det berre vere éi overskrift som er H1. Dette er hovudtittelen på landingssida, mens H2 brukast som undertitlar for å dele opp innhaldet i avsnitt. Har ein behov for fleire nivå kan ein deretter ta i bruk H3, H4 osv.
Skriv relevant og bra innhald
For å rangere høgt på ulike søkeord, og for å oppnå kredibilitet, må du skrive innhald som er bra og engasjerer. Hald deg relevant og gi svar på det brukaren spør om. Klarar du dette, samtidig som du har det tekniske på plass, så har du kome langt.
Sørg for ein velskrive metatekst
Ver nøyaktig i arbeidet med metateksten. Pagetitle og metabeskrivelse er det som blir vist i søkeresultatet hos Google. Her er det derfor viktig å ha på plass søkeordet. Samtidig må du overbevise brukaren om å trykke på akkurat di landingsside og ikkje konkurrentane dine sine. Dette løyser ein gjerne med ei kreativ skildring og/eller tittel.
Optimaliser bilder
Sørg for at alle bilder er i dei formata som Google likar best, og som lastar raskt. Bildeformata JPEG 2000, JPEG XR og WebP er betre enn PNG eller JPEG, ifølge Pagespeed Insights (Google sitt verktøy for måling av hastighet på nettsider). «Tunge» bilete gjer at nettstaden lastar saktare enn elles, noko som igjen betyr at den er mindre brukarvenleg. Nyleg gjorde Google ei oppdatering, der fokuset på ein brukarvenleg nettstad blir endå viktigere for å oppnå god rangering hos Google.