Jobb i Mediebruket
Mediebruket er eit teknologibyrå som utviklar nettsider og andre digitale løysingar. Våre tilsette har kompetanse innan webutvikling, design, rådgjeving og prosjektleiing innan digitale tenester.
Digitalrådgjevar
Engasjerer du deg for å lage gode brukaropplevingar? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og kunderådgivning? Då vil vi i Mediebruket gjerne bli kjent med deg.
Du er også velkomen til å sende ein generell open søknad til Mediebruket. Les litt på desse nettsidene om kva vi driv med, og send nokre ord og CV til jobb@mediebruket.no. Fortel kva du har gjort i livet som du trur kan vere til nytte hjå oss. Har du spørsmål må du gjerne kontakte kven du vil av dei tilsette.
Om Mediebruket
Sidan 2009 år har vi i Mediebruket arbeidd med fleire hundre store og små prosjekt for ulike kundar, mange av dei i samarbeid med reklamebyrå. I dag driftar vi over 400 nettstadar av all slags kompleksitet.
Vi er i stadig vekst og ser etter dyktige rådgjevarar og prosjektleiarar som vil bli med oss på reisa. Vi er i dag 7 tilsette i Mediebruket og 68 hos vår hovudeigar og partnar Maksimer. Her får du gode høve til kompetanseheving og å klatre på karrierestigen.