Tilsette i Mediebruket. Foto.

Mediebruket søker digitalrådgjevarar

Engasjerer du deg for å skape gode brukaropplevingar? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og kunderådgjeving? Då vil vi gjerne bli kjende med deg.

Vi utvidar teamet vårt og søkjer erfarne digitalrådgjevarar som kan hjelpe kundane våre med å styrke tilværet sitt på nett.

Din arbeidskvardag

I vårt tverrfaglege team vil du jobbe med eit breitt spekter av digitale tenester, og arbeidsdagen din vil vere variert. Du gjev råd til kundane våre og bidreg til å skape gode løysingar, mellom anna med WordPress som verktøy.

Dette er du god på

Du har solid erfaring frå nettsideprosjekt og ei grunnleggande teknisk forståing. Du ønskjer å skape løysingar av høg kvalitet som gir gode brukaropplevingar og betre synlegheit. Det er positivt om du har erfaring med UX-design. Du må kunne kommunisere godt både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr

Hos oss får du fast stilling med konkurransedyktige lønnsvilkår, fleksibel arbeidstid og attraktive frynsegoder. Vi ser helst at du har fast arbeidsplass på hovudkontoret vårt i Førde i Sunnfjord eller på Voss, der vi har nærleik til kundebasen vår, men det er moglegheit for kontorplass andre stader. Heimekontor ved behov.

Slik søkjer du

Fortel oss om eigenskapane dine og kvifor du vil vere med på laget vårt. Skriv gjerne kvar du ønskjer å jobbe.

Send søknaden din så snart som mogleg og seinast 6. januar 2025. Vi behandlar søknadar fortløpande og tek kontakt for meir informasjon ved behov.

Vi gler oss til å høyre frå deg!