Personvernerklæring for Mediebruket AS
Denne personvernerklæringa fortel korleis Mediebruket AS som behandlingsansvarleg samlar inn og brukar personopplysningar.
Vår adresse er: Hafstadvegen 23, 6800 Førde.
Vårt organisasjonsnummer er: 994 576240MVA.
Adressene til nettstadane våre er:
https://www.mediebruket.no/
https://support.mediebruket.no/
https://123press.no/
Vår organisasjon, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.
Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstadane våre (personopplysningsloven § 19, kap. 3, artikkel 13 – del 1) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 kap. 3, artikkel 13 – del 2). Personopplysningar er opplysningar som direkte eller indirekte relaterer seg til ein identifisert eller identifiserbar fysisk person.
Kva personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøker ei nettside.
Vi brukar ingen unødvendige informasjonskapslar på mediebruket.no, og samlar t.d. inn anonymisert brukarstatistikk utan bruk av informasjonskapslar.
Det er frivillig for deg som besøkjer nettsidene å oppgje personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å fylle ut sende inn skjema.
Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar vi ein mellombels informasjonskapsel for å finne ut om nettlesaren din godtek informasjonskapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren. Men når du loggar inn, lagar vi fleire informasjonskapslar for å lagre innloggingsopplysningane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminformasjonskapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vare i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.
Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Den inneheld ingen personlege opplysningar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Den går ut etter éin dag.
Rettleiingar:
- Mediebruket: Slik kan du sjå kva informasjonskapslar som vert brukt på ei nettside
- Nettvett.no: Slik administrerer du korleis ei nettside brukar informasjonskaplar (t.d. slå av og på samtykket til lagring av informasjonskaplar)
Kommentarar
Viss det er opna for kommentarar på enkelte innlegg på nettstaden, og du legg inn ein kommentar i kommentarfelt, så samlar vi inn opplysningar i kommentarskjemaet, i tillegg til IP-adressa og opplysningar om nettlesaren, for å hindre søppelkommentarar. Kommentaren vert synleg for alle som vitjar den aktuelle sida fram til du eventuelt slettar den.
Media
Viss du lastar opp bilete til nettstaden, og biletfila inneheld plassdata (EXIF GPS), kan dei som får tilgang til biletet kanskje kunne sjå kor og når biletet er teke, og eventuelt kva kamera som er nytta. Slike data kan du om ønskjeleg fjerne før du lastar opp biletet.
Kontaktskjema
Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, så vert dei opplysningane du legg inn lagra så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.
Innebygd innhald frå andre nettstadar
Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale medier osv.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.
Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing, og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.
Slår du av tredjeparts cookies i nettlesaren din forhindrar du dette, men dette kan forringe brukaropplevinga.
E-post og telefon
Organisasjonen vår nyttar e-post, nettbaserte prosjektverktøy og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Den tilsette som har dialogen med den som tek kontakt har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne samanhengen.
Den enkelte tilsette er ansvarleg for å slette meldingar og informasjon som ikkje lenger er aktuell, og minst kvart år gjennomgå og slette unødvendig innhald i e-postkassa. Om medarbeidaren sluttar vert e-postkontoane til vedkomande sletta, men enkelte relevante e-postar vil normalt bli overført til kollegaer.
Ver merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Vi oppfordrar deg derfor til å ikkje sende teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post. Dette omfattar også brukarnamn og passord.
Telefonsamtalar (telefonnummer frå og til, og tidspunkt for samtalen) vert logga i vår telefonsentral hos Talkmore. Denne loggen er naudsynt for administrasjon og drift av systemet, og vert lagra i 30 dagar i brukaren sin anropslogg og deretter automatisk sletta.
Opplysningar om tilsette
Vi behandlar personopplysningar om våre tilsette for å administrere løn og personalansvar. Det er administrasjonen ved adminstrerande direktør, og vårt rekneskapskontor Firda revisjon & Rådgivning AS Førde, som har det daglege ansvaret for dette. Det vert registrert naudsynte opplysningar for utbetaling av løn, til dømes grunndata, lønsnivå, tidsregistrering, skatteprosent, skattekommune og tilknyting til fagforeining. Andre opplysningar om tilsette er knytt til vedkomande sin arbeidsinstruks og tilrettelegging av vedkomande sitt arbeid.
Sletterutinar for personalopplysningar følgjer rekneskapslova og arkivlova. Opplysningar om namn, stilling og arbeidsområde, saman med e-postadresse og telefon som tilhøyrer organisasjonen, er rekna for å vere offentlege opplysningar og vert publisert på våre nettsider.
Alle stillingssøknadar på e-post vert lagra i personalansvarleg sitt epostarkiv, og vesentlege opplysningar vert lagra i database der berre personalansvarleg/administrerande direktør har tilgang. Desse vert ikkje sletta viss ikkje søkjaren ber om det. Dersom søkjaren ikkje ber om at vi tek vare på sjølve søknadsteksten og CV til eventuelt framtidige stillingsutlysingar, så vil den bli sletta innan eitt år.
Alle tidlegare og noverande tilsette har ei personalmappe i vårt arkivsystem. Berre personalansvarleg/administrerande direktør har tilgang. Her vert blant anna stillingssøknaden og tilsetjingskontrakt arkivert/oppbevart. Personalmapper blir rydda ved utløp av arbeidsforholdet, og personopplysningar blir sletta/makulert.
Kven vi deler opplysningane med
På alle nettstadane nyttar vi informasjonskapslar (sjå forklaring lenger oppe) for t.d. statistiske føremål. Viss du fyller ut skjema på ein av desse nettstadane vert dataene du fyller inn, saman med tidspunkt og IP-adresse sendt til oss på epost, i tillegg til at dei vert lagra i skjemaverktøyet vårt. Det er berre tilsette i Mediebruket som har tilgang til desse dataene. Vi ønskjer å behalde dataene også etter at vi er ferdige med å behandle førespurnaden frå deg, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve. Men du kan når som helst kontakte oss dersom du vil at vi skal slette dei opplysningane vi har om deg (sjå informasjon nedst på sida).
Om du er kunde hos Mediebruket lagrar vi informasjon om deg som kunde i ulike system. Ein del av desse vert også delt med vår rekneskapsførar Firda Revisjon & Rådgivning AS og vår revisor BDO Førde. Dette omfattar namn på kontaktpersonar, epostadresser, fakturainformasjon, informasjon om kva tenester de abonnerer på, kva de har betalt m.m.
Kontakt oss dersom du ønskjer ei oversikt over kva internettenester vi brukar for å behandle opplysningar om deg som kunde.
På tenesta aksjeeiere.no er det berre informasjonskapslar frå Google Analytics og Google AdSense som er i bruk. Vi samlar ikkje inn andre data om deg der.
Data som vert sendt inn via skjema på ei av tenestene våre vert lagra på server hos vår dataleverandør, men denne har ikkje tilgang til innhaldet på serveren.
Har du spørsmål til korleis vi handterer personopplysningar om deg når du nyttar tenestene våre, og t.d. ønskjer at vi slettar opplysningane vi har om deg, så send ein epost til support@mediebruket.no, eller på kvardagar mellom kl. 8:00 og 15.30: Ring 57 82 19 00 og trykk 1.
Beskrivelsar av informasjonskapslar frå Cookiebot
Få tilbod på nettside
Vi kan hjelpe deg med å få på plass ei knallgod nettside eller andre digitale løysingar.