BONO

BONO er den norske opphavsrettsorganisasjonen for dei som skaper visuelle verk. Dei representerer over 2.700 norske og 150.000 utenlandske kunstnarar. Mediebruket har levert søknadssystemet dei bruker for å motta søknader og berekne kompensasjon per rettshavar for privatkopiering av visuelle verk.

Kunde
BONO

År
2019

Nettstad
pkvv.bono.no

Kunden si utfordring

Visuelle verk som maleri, skulpturar, fotografi, kunsthandtverk, teikningar, teikneseriar og illustrasjonar kopierast til privat bruk i mange samanhengar, for eksempel når nokon knipser eit bilder av eit kunstverk med telefonen sin, tar skjermdump av eit bilde på internett eller tek utskrift av ein teikneserie. I følgje Åndsverkloven skal dei som har skapt åndsverket kompenserast økonomisk for denne kopieringa. Kompensasjonen skal utbetalast individuelt til rettshavarane. BONO får mange søknader vedrørande dette, og trengte eit oversiktleg og godt system som gjer det mogleg for dei å berekne kor mykje den enkelte rettshavar har krav på.

Korleis løyste vi det?

I tett samarbeid med BONO utvikla vi eit søknadssystem som skulle vere meir brukarvenleg for søkarane og gjere det mindre tidkrevande for dei som behandler søknadane.

Økt effektivitet i behandlinga

For å spare søknadsbehandlarane tid på behandlinga har vi mellom anna satt opp automatisert sortering etter faggruppene fagfotograf, illustrastratør, teikneserieskapar, billedkunstnar og kunsthandverkar, samt organiasjonen rettshavarane tilhøyrer (eks. Grafill).
Det er stegvis behandling, og når ei oppgåve er fullført vert søknaden flytta over til ei ny visning. Ein søknad som er avslått vert arkivert og er ute av behandlinga.

Auka brukarvenlegheit for søkar

Eitt av måla var å skape ein brukarvenleg portal for søkarane, og det er mellom anna mogleg å lagre ein uferdig søknad som kladd. Det er satt opp e-postpåminnelse til søkar om at kladden deira ikkje er sendt inn før søknadsfristen går ut. Ofte har ikkje søkaren all informasjon tilgjengeleg når ein starter på ein søknad, og vi ser at kladdfunksjonaliteten vår er mykje brukt hos alle søknadsystemkundane våre. Når søknaden er sendt inn vil søkar få epostbekreftelse, og kan følge prosessen på ‘Min side’ i portalen.

Auka sikkerhet med BankID

Vi har fått på plass innlogging og autentisering via BankID, noko som medfører at søkarane slepp å registrere seg i eit vanlig registreringsskjema eller hugse passordet sitt. Ikkje minst sikrer vi portalen mot svake passord, og sikkerheita vert betrakteleg betre. BONO er også sikra at søkar er den dei utgir seg for å vere, og unngår skrivefeil i for eksempel navn.