Elevate karrierefestival framside

Elevate karrierefestival

Elevate karrierefestival løftar fram karrieremoglegheitene i Sunnfjord gjennom uformelle samlingar, samtidig som du som deltakar får høve til å oppdatere eigen kompetanse gjennom spennande kurs og foredrag. I 2024 fekk Mediebruket æra av å levere ein eigen festivalnettstad for Elevate.

Kunde
Sunnfjord Utvikling

År
2024

Nettstad
elevatekarrierefestival.no

Nettstaden skal vere ein god arena for å formidle informasjon om festivalen – og kanskje viktigast – kva du kan oppleve som deltakar. Her får du ei god oversikt over programmet dag for dag, samt ei arrangementsside som presenterer arrangementa i kronologisk rekkefølge. Kvart enkeltarrangement gir brukaren all naudsynt informasjon om tidspunkt, stad og innhald, med knapp for å melde seg på i ei ekstern påmeldingsløysing.

Den friske visuelle profilen er laga av Vookal, og vi nytta element som dei flytande formene til å mjukne opp designet på nettsida.

Elevate ønskjer også å gi ein smakebit på korleis det er å jobbe i nokre av dei spennande bedriftene i Sunnfjord, og har ei eiga side dedikert til dette. Der kan du lese om dei ulike bedriftene og sjå kva som skjedde då Tiril (11 år) reiste på bedriftsbesøk.

Utforsk nokre av karrieremoglegheitene i Sunnfjord →