Utvida tenestespekter
– Å knytte oss tett saman med Maksimer på denne måten er eit strategisk grep som vi gjer først og fremst for å kunne utvide tenestespekteret vårt. Vi tilbyr i dag utvikling av nettstadar i alle storleikar og kompleksitet. Men fordi vi tykkjer vi har hatt for dårleg kompetanse på oppsett og drift av nettbutikkar, så har vi siste åra takka nei til akkurat den typen oppdrag, seier dagleg leiar i Mediebruket, Arild Finne Nybø.
– Samtidig er det slik at etterspurnaden etter utvikling og drift av nettbutikkar er raskt veksande, og Maksimer har spesialisert seg på nettopp dette. I tillegg har dei lang erfaring med relaterte tenester, som digital marknadsføring, søkjemotoroptimalisering og integrasjonar. Dette er tenester som vi i Mediebruket no ser fram til å kunne tilby kundane.
Mediebruket har gjennom fjorten år utvikla nettsider i alle storleikar, og av alle typar kompleksitet, og driftar i dag omlag 400 nettstadar, Dei har også nokre spesialfelt, som til dømes utvikling og drift av avanserte løysingar for søknadsbehandling hjå pengeutdelande stiftingar. Men det er først no dei for alvor i tillegg kan tilby nettbutikkar og tilhøyrande tenester.
Langvarig kjennskap
Dei to selskapa vart starta same år, i 2009. Dei har hatt kontakt med kvarandre over fleire år, utan å ha formalisert eit samarbeid før no, ved å få Maksimer inn på eigarsida, i styret, og ved å ha tett samarbeid i den daglege drifta. – Vi har blitt svært imponerte over kompetansen til dei tilsette i Mediebruket og ser fram til å kunne bidra til å utvikle og skape vidare vekst i selskapet. Det er mogleg å hente ut store synergiar på både teknologi og marknad, seier Nils-Fredrik Winther-Kaland, dagleg leiar i Maksimer AS.
Større kapasitet
Maksimer har 75 tilsette i konsernet, hovudkontor i Bergen, med avdelingar på Bryne, i Oslo og i Kristiansand, i tillegg til dotterselskap i Sverige og Serbia. Mediebruket har 5 tilsette, hovudkontor i Førde i Sunnfjord, og eit avdelingskontor på Voss. – Med dette kan endeleg også Mediebruket kan tilby gode e-handelsløysingar. Dessutan vil vi få større kapasitet sidan vi no kan få tilgang til ressursane i Maksimer. Og når det gjeld oss fem tilsette, så ser vi med glede fram til å bli ein del av eit stort fagmiljø, seier Nybø.
Maksimer reknar med å omsetje for 80 millionar kroner i 2023, og Mediebruket i underkant av 7 millionar kroner.
Foto:
Til venstre: Nils-Fredrik Winther-Kaland er dagleg leiar i Maksimer og styreleiar i Mediebruket.
Til høgre: Dagleg leiar Arild Finne Nybø i Mediebruket i Førde i videomøte med Guro Bryn Høgheim på vossakontoret.
Ønsker du meir informasjon?
Arild Finne Nybø
Tlf: 977 33 028
Dagleg leiar, Mediebruket
Nils-Fredrik Winther-Kaland
Tlf: 932 54 905
Styreleiar, Mediebruket / dagleg leiar Maksimer