Kva er WordCamp Europe?
WordCamp Europe er ein årleg konferanse for dei som jobbar med WordPress, og byr på fagleg påfyll gjennom interessante foredrag og treff med andre bransjefolk.
Vår medeigar og gode samarbeidspartnar Maksimer var også til stades, både som deltakar og sponsor for konferansen.
Vi går inn i sommaren med ny kunnskap, og gjer oss klar for ein spennande haust!
Møte andre i fellesskapet
WordPress er basert på åpen kildekode og er verdas mest brukte publiseringssystem med ein marknadsandel på 62.7%. Bak WordPress står eit heilt fellesskap av menneske som samarbeider om og bidrar til prosjektet.
På WordCamp Europe hadde vi gode, konstruktive samtalar med fleire utviklarar som lagar innstikk vi nyttar på nettsidene vi lagar.